FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Siste frist før jol: 18. des. - Fri frakt over 1.500,-

Kven og kva



Kva er Flor?

Flor er ei Vossabedrift som designar og utviklar arbeidskle for kvinner!

For oss er det sjølvsagt at ein skal føla seg vel på arbeid. Gode arbeidskle er viktig for at ein skal føla seg vel.

Flor arbeidar for deg!


Historia til Flor

Seinsommaren 2011 kom idéen om å laga anleis arbeidskle for kvinner. Me starta opp med den enkle idéen å gjera arbeidskle for kvinner så funksjonelle, tidsriktige og tilpassa som mogleg. Med inspirasjon frå sportsbransjen har me no klar ein kolleksjon som me meiner tek arbeidskvinner på alvor!

Ingen land i verda har større andel kvinnelege arbeidarar på gardar, oljeplattformar, fiskebåtar, verkstadar og fabrikkar som Noreg. Dette er me i Flor veldig stolte av.

Gjennom våre kolleksjonar hyller me arbeidskvinna, og sikrar at ho kan føla seg vel på jobb, anten ho befinn seg midt i lembinga, i gulerotåkeren, eller med ein hammar i handa.

Våre kle er designa på Voss og i Lillehammer med innspel frå bønder og andre som har fysisk arbeid. Som bonde må du beherska ein heil del ”yrker” – du er gartnar, snikkar, jordmor, anleggsarbeidar og rekneskapsførar, og det kanskje i løpet av same dagen! Me meiner sjølve å ha laga ein kolleksjon som kan passa til alt dette, og ynskjer sjølvsagt innspel om du er einig, ueinig, har tips eller forslag til kva me kan laga neste gong.

Og er du ikkje bonde? Arbeidsklea kan brukast av alle som vil!


Kven er Flor?

Flor er ein gjeng med gründarar som alle syns at arbeidskle for kvinner er viktig.

Kristin Lemme - opphav til ideen og vår fyrste heiltidsansatt
Torgunn Hegland - styreleiar
Patrik Søreide - dagleg leiar
Johan Høstmælingen - marknadskar fra innlandet

 

 

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke