FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fri frakt over 1.500,- NOK - Fri retur - Rask levering

Historia

HISTORIA TIL FLOR

Seinsommaren 2011 kom idéen om å laga anleis arbeidskle for kvinner. Me starta opp med den enkle idéen å gjera arbeidskle for kvinner så funksjonelle, tidsriktige og tilpassa som mogleg. Med inspirasjon frå sportsbransjen har me no klar ein kolleksjon som me meiner tek arbeidskvinner på alvor!

Ingen land i verda har større andel kvinnelege arbeidarar på gardar, oljeplattformar, fiskebåtar, verkstadar og fabrikkar som Noreg. Dette er me i Flor veldig stolte av.

Gjennom våre kolleksjonar hyller me arbeidskvinna, og sikrar at ho kan føla seg vel på jobb, anten ho befinn seg midt i lembinga, i gulerotåkeren, eller med ein hammar i handa.

Våre kle er designa på Voss og i Lillehammer med innspel frå bønder og andre som har fysisk arbeid. Som bonde må du beherska ein heil del ”yrker” – du er gartnar, snikkar, jordmor, anleggsarbeidar og rekneskapsførar, og det kanskje i løpet av same dagen! Me meiner sjølve å ha laga ein kolleksjon som kan passa til alt dette, og ynskjer sjølvsagt innspel om du er einig, ueinig, har tips eller forslag til kva me kan laga neste gong.

Og er du ikkje bonde? Arbeidsklea kan brukast av alle som vil!

Flor – works good on you!

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke