FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Rask levering 2-4 dager - Fri frakt over 1.600,- Gavekort

UT PÅ HARDANGERTUR!


Ny og gammal Flor-kjeledress
Vertskapen vår på Nedre Børve - Irene og Edel Karin i ny og godt brukt Flor-kjeledress.


Endeleg kom me oss ut på vegen - popup-sesongen er no offisielt i gang! I går gjekk turen til Edel Karin og Irene Alpen på Nedre Børve i Ullensvang. Dei hadde rydda garasjen og invitert folk frå nær og (litt) fjern. I løpet av dei to  timane me var der, var over 30 personar innom for å handla. Fordelen med å vera i eit stort lokale med god utlufting er at smittefaren er liten. I tillegg brukte me mykje sprit! 

Popup-butikk i Nedre Børve
"Garasjesalg" - ferdig og rigga og open popup-butikk i garasjen. 


Damer rundt bordet
Evaluering etter stengetid - frå venstre Irene Alpen og Edel Karin Alpen, medbrakt frå Voss; Anette Børve Hernes og nabo Signe Lise Børve. 


Me fekk også høve til sjå den flotte floren (fjøset) deira, ein oppussa driftsbygning frå 1893 med moderne innreiing. 45 sauer er snart ferdig lembd, og medan me var der kom det to nye verdsborgarar/verdssauer.


Sauer på heimabeite
Me finn alltid litt tid til å "snakka" med sau. Edel Karin har godt lag med dei! 


Vil du ha popup-butikk hjå deg? Om du trur du kan samla ein gjeng med interesserte damer, tek me turen. Me har vore på små og store stadar over heile Norge, og vil gjerne koma i kontakt med deg som har lyst på besøk. Ta då kontakt med oss via Facebook, Instagram eller på e-post; post@florworks.no

Tusen takk for gjestfriheit og god stemning på Nedre Børve! 

#florworks #kjeledress #godtjobba #voss




 

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke