FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Rask levering 2-4 dager - Fri frakt over 1.600,-

SEO - Søkemotoroptimalisering på nynorsk vs bokmål

Arbeidskle eller arbeidsklær

Kva googlar du – kle eller klær?

 

Du kan fint leva med nynorsk, men ikkje av det. Ikkje om du skal driva nettbutikk. Då har du truleg alt tapt lenge før kunden din har byrja googla. Difor er den triste dagen komen til Flor. Til no har me selt arbeidskle, men no lyt me skifta språkdrakt til bokmål - og selja arbeidsklær.

For i valet mellom å skriva bokmål eller å gå konkurs, har eg lenge vore usikker på kva eg skal velja. No er det ikkje konkurs me står framfor, men Flor må høgare opp på søkeordsoptimaliseringa til google for å få auka sal. Og då funkar faktisk ikkje nynorsk. 

Å starta ei verksemd som Flor handlar om å realisera idéar. Hadde ikkje verda vore litt betre om vår idé kom ut i livet? Gode arbeidskle til kvinner, er ikkje det ein god idé? Å vera klare på kvifor me driv Flor er viktig for oss. Me kjem frå Voss, me har verdiar som rommar likestilling, arbeidslyst og det å gjera kvardagen enklare. Me kjem frå bygda, skriv nynorsk og er stolte av identiteten vår. Det var denne blandinga av såkalla USP’ar me gjekk til marknaden med. (USP står ikkje for Usedvanleg Smart Påkome, men det er heller ei importert forkorting for kva unike salsfordelar du har).

Innovasjon Norge, næringshagar og kommunale næringslivsfond ber alle om å leite etter kva som er unikt, om du kan stikke deg ut på noko slags vis. For det handlar om å bli lagt merke til. Men akkurat no kjenner eg meir på avmakt. For kledd opp med nynorsk identitet, så når ikkje me fram til folk. Å driva innan klesbransjen med ein gardsutsalsstrategi der du sel litt til dei som tilfeldigvis kjem innom, funkar ikkje. Me må ut av tunet og inn på nettet.

Jauda, me har jo blitt åtvara, men dei fleste gründarar blir jo gründarar nettopp fordi dei ikkje lyttar på alle åtvaringar. Eg kan vagt hugsa ein ven frå det store austlandet som ymta frampå om at det er mange fordeler med å skriva bokmål for å selgja på nett. Eg fnaus av han då, «typisk austlending», tenkte eg. 

 

Eg syndar sjølv

Å starta ei verksemd handlar om meir enn å realisere ein ide. For ideen er ikkje god nok før den fører til omsetjing og sal. Først då viser det seg om ideen er bærekraftig. Korleis skal ein vinna fram i mylderet av tilbod ein treff på nettet i dag?

Openbart ikkje ved å skriva nynorsk, seier dei lærde. Då må du skriva bokmål.

Det var då som pokker. Dette har gjort meg trist, men også nyfiken. Og sjølv om eg her skriv med litt høge og harde tasteslag ut rein frustrasjon, så er eg faktisk sjølv med på å skapa mitt eige problem. Av 600 000 (Språkfakta 2015, Ottar Grepstad) nynorskbrukarar, er det berre nokre promille av oss som googlar på nynorsk. Eg må berre reise handa å seie, at eg er ikkje ein av den promillen eg heller.

Me vart nyfikne, og den seinare tida  har me prøvd å googla oss fram til bedrifter som brukar nynorsk i all kommunikasjon. Som oftast at dei store har to nettsider – ei på nynorsk og ei på bokmål. Dei mindre verksemdene har gjerne berre ei side på nynorsk. men då med dei viktige søkjeorda på bokmål.  Ei salig blanding. Er det løysinga? 

 

Kle blir til klær

I valet står mellom å skriva bokmål eller å gå konkurs, så var eg lenge usikker. Men no har eg tvilt meg fram til å bytta mål. Det som var arbeidsklede, heiter snart arbeidsklær på nettsida vår. For me har bestemt oss for å byggja ei bærekraftig bedrift som skal leva lenge. Det er eit behov for produkta våre, dei er slitesterke og dei er rapportert å skapa arbeidslyst rundtom i heile landet. I landbruket, i barnehage og i eit stadig aukande antal andre yrke. Sidan starten har over 3000 bukser gått ut frå lageret vårt på Voss - for å gjera folk gladare i arbeid og fritid. Me skal klara oss, bli større, og kanskje då gå attende til nynorsk?

 

I mellomtida går nettbutikken www.florworks.no, bloggen, annonsene og nyheitsbreva våre over til bokmål. Eg trudde det aldri skulle skje, men slik er det. Det er flere i verden som googler arbeidsklær enn arbeidskle. Så det er der me alle kan byrja – tenk over hva du skriv i ditt eige søkjefeltet neste gong...

 

Kristin,

nynorskpatriot i hjarta 



Faktaboks SEO - Søkemotoroptimalisering

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke