FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

RUNDBALLEPRAT

RUNDBALLEPRAT MED EIN MINISTER

Flor ynskjer å vera meir enn arbeidskle. Me vil spela ei rolle, ta opp viktige saker, påverka! Me vil leggja tilrette for at fleire kvinner vil velgja landbruk og yrkesfag som yrke, me vil bidra til å skapa levande bygder, me trur at kulturlandskap og miljø er viktig. Og ja, me vil ha ei eit arbeidsliv med rikeleg med positivitet, samkjensle, mangfald og inkludering. 

 

Så korleis gjer me det? Jo, me vil vera rundtom. Spre gleda. Snakka med folk. Læra. 

 

Idéen kring rundballeprat hadde styreleiaren vår, Patrik Søreide. Kva med å intervjua bra folk om deira meiningar kring temaet landbruk, kvinner, rekruttering, livet på bygdene? Ja, det er ein god idé sa me andre, og så var tanken sådd. Og kva har dei aller fleste gardar på, eller rett i nærleiken i dag? Ein rundballe. Ergo er det lett å samlast kring ein rundballe, nesten kvar ein kjem i landet. Me har også med oss våre eigne små rundballar når me er ute, slik at me alltid er beredt. :-) 

 

Frå og med no kjem det omlag ein rundballeprat i månaden. Her snakkar me med interessante folk. Kvinner som menn. Mest kvinner naturlegvis. Dette vert laga som korte snuttar, og lagt ut her på bloggen. Det handler om å inspirera. Florspirasjon som me kallar det.

 

Til å opna ballet, har me vore så heldige og fått med sjølvsagt Landbruksministeren, Olaug Vervik Bollestad. Ho var på Voss, og ville gjerne koma oppom Lemme for ein rundballeprat.  Du kan sjå heile praten i bånn av bloggen.

 

Me vonar de vil fylgja med på rundballepratane. Kom gjerne med innspel til folk å intervjua, og tema å snakka om. Me vil gjerne høyra frå dykk!  

 

Helsing Kristin :-)

 

Rundballeprat med landbruksministeren og Flor from Flor AS on Vimeo.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke