FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Når eg vert stor, skal eg verta bonde!

 

Når eg vert stor...

No nærmar det seg. Det å verta stor. No har eg flytta inn på garden, eg skal vera meir med i drifta, eg må læra meir. Det er aldri slutt på arbeidet, likevel føler eg på ein ro eg ikkje har kjent før. Eg er heime.

Kvifor vil eg verta bonde?

Det er mange grunnar til det. Valet har vore lett å ta. Faktisk kan ein ikkje kalla det eit val, meir ei magekjensle; det er dette eg vil. Nett no seier magekjensla mi at eg har teke litt lett på det, heldigvis er det nokre år til eg skal overta på alvor. Det er mykje å læra, mange ting å kunne. Det er tradisjonar, slekt, skogateigar, kvernhus, gjerdeplikt, møking, rundballar og reven som luskar i skogen. Det er opp- og nedturar, men fyrst og fremst er alt eg gjer meiningsfullt.

 

Dyra lyttar alltid

Å vera bonde gjer at ein kan vera med å halda tradisjonar i live, samstundes som ein er framtidsretta og innovativ. Ein styrer sin eigen kvardag, og det å vera med dyr gjev mykje. Dyra lyttar alltid, og gjev ikkje unødig kritikk. Dei kan trøysta, og gle seg over dagen.

 

Reglar og krav

Det er mykje som skjer i norsk landbrukspolitikk om dagen, og det skal godt gjerast å fylgja med. Landbruket får mykje kritikk. Det er viktig å sjå nyansane, søkja forklaring bak kritikken. Det er få dyr i Noreg som har det ilt. Slik skal det halda fram. Den norske bonden er underlagt mange reglar og krav, heldigvis, som gjer at dyrevelferd og bærekraftig drift er våre viktigaste rettesnorer inn i framtida.

 

Ein heil gjeng

Flor vart skipa nettopp fordi me vil gjera det kjekkare å gå på jobb i landbruket kvar dag. Også for damer. Flor skal vera meir enn eit klesmerke. Når eg tek på meg Flor-dressen min og går i floren om morgonen, tenkjer eg på dei bra damene eg kjenner som gjer det same. Landbruket kan vera eit einsamt yrke, det ynskjer me motverka. Me er ein heil gjeng som jobbar på, dag ut og dag inn. Det er kjekt.

 

Å leva for noko

Kvardagen handlar om å stelle i floren.  Ta vare på dyra. Nære, enkle ting. Det er stundom like mykje meditasjon som det er jobb. I ein hektisk kvardag der eg vekslar mellom FLOR og floren, tenkjer eg sjeldan over det større perspektivet, det som ubevisst nærer motivasjonen. Valet mitt handlar om meir enn å leve av noko. Det handlar om å leve for noko.

I 2050 passerer verdas befolkning 9 milliardar menneske. Eg er ein av dei som skal bæra ansvaret for å setje mat på bordet til dei. Og det må gjerast på en meir effektiv måte, samstundes som det må vera bærekraftig.

 

Det er noko å leva for.

 

 - Kristin -

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke