FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Nordea si gründerjakt

Kristin, Johan og Nordea-gjengen signerer avtalen.

 

Nordea si Grunderjakt

«Hei de to, har de hugsa å laga film til det Nordeagreiene?» spør Patrik til Johan og meg seint sundags kveld, 4. desember 2017. Han treng jo ikkje spyrja, sjølvsagt er ikkje den klar. Johan jobbar best (og kun) under press. 23:58 får me lasta opp filmen. Tenk kor annleis livet hadde vore om det hadde teke tre minutt lenger!

 

«VINNEREN ER...»

«Flor» sa eg høgt, slik eg pleier sei når eg verkeleg vil vinna noko, slik eg pleier sei når eg ikkje heilt trur at det kan skje. Slik eg sa i 1995 då eg vann dukkevogn på Kløve Ungdomslag sin påskemarknad, som var det største eg hadde vunne til då. Slik eg pleier sei når oddsen er stor for å vinna, og ein aldri i verda trur at også den som annonserer vinnaren skal sei...

«Flor» seier Nordea-sjefane Brynjolf Anke og Snorre Storset… og eg i kor.

 

Gledestårer i Pyeongchang

Eg hyler. Grin, ler. Tenkjer at dette var rart. Korleis i alle dagar klara Johan dette, å dra sigeren i land med referansar til Bibelen, uttala Lemme feil og kalla Torgunn for ei «rik tante». Eg var komen til Korea og hadde ikkje sove på 22 timar. Eg visste at dei neste fem vekene skulle eg oppleva OL for fyrste gong. At eg hadde ein fridag dei neste 32 dagane, og at det passa svært dårleg å heller gjerne skulle ha vore heime akkurat no. Eg var aleine på rommet mitt i Korea, og kjende ingen av dei eg skulle møta nokre timar seinare for å sei at; «yes, I have not slept all night because I kinda won a new job in a bank last night, where I will get payed one year to make working clothes for women working in agriculture. Yes, it is very strange.»

 

Kristin direkte fra PyeongChang

 

Ei årsløn på spel

Nordea hadde plukka ut 10 finalistar i «Gründerjakten». 10 svært solide forretningsidéar. Korleis skulle Flor nå opp i denne konkurransen? Og premien var ei gulerot (for å bruke ein landbruksorientert metafor) av astronomiske proporsjonar. EI ÅRSLØN! Det innebar at vinnaren kunne sei opp anna jobb og leve gründerdraumen eit heilt år utan at den evige kampen om finansiering tok fokus.

 

Gründer-camp

For å bli verta betre kjend med finalistane, inviterte Nordea alle til Gründer-camp i Oslo. Ei veke pakka med læring, føredrag og rådgjeving på Nordea sitt hovudkontor i Oslo. Eg fekk gleda av å oppleva nettverking – eller å bli kjend med masse kjekke folk, som eg kallar det. Både gründerer og Nordea-tilsette. Torsdag var det finaledag.  Eg hadde fått jobb med fjernsynsproduksjonen i OL i Korea, og måtte reisa onsdagen. Eg var med på storskjerm, medan Johan køyrte live-show. Resten er historie.

 

Spente gründere camp hos Nordea. Foto: Nordea

 

Siger til sauebonden

Bevare meg vel, me vann. Det var ei absurd kjensle. Flor, som klara fristen for å senda inn filmen med to minutt. Som ikkje høyrer heime i den klassiske gründerlivet ein lever om ein driv med IT i Oslo. Eg driv med sau og arbeidskle for kvinner på Voss.

Men Nordea valde oss. :-)

 

Å stå på skuldrene til ein kjempe

Me som starta FLOR erfarte raskt at eit av de viktigaste og mest repeterande tema i gründerlivet dreier seg om pengar. Å etablera ei bedrift krev alltid meir pengar enn det du har til disposisjon. No hadde me plutseleg Norden sitt største finanskonsern i ryggen. Det føltes godt.

 

Tilsett i bank!

1. april vart eg tilsett i Nordea. Eg har svært lite greie på økonomi, og det å vera banktilsett var kanskje det siste yrket eg hadde sett for meg. Dei andre i Flor var også med til Nordea på Majorstua dei fyrste dagane i april. Me la planar, vart kjende og staka ut kursen framover. Flaks at dei me har kontakt med i Nordea er så greie folk! God kjemi har aldri skada.

Og stjerna på Nordealaget, Ida, er eks-kickboksar og gjev oss ein velfortjent roundkick når framdrift og kommunikasjon i sosiale medier ikkje er på stell. Takk for både venskap og hjelp, Ida!

 

Proffe samarbeidspartnerar

Eg må framleis klypa meg litt i armen når eg tenkjer attende på dei dagane i februar og den moglegheita me har fått. I de siste månadane, når ting verkeleg har byrja dra seg til, har ikkje døgeret hatt nok timar. Utan hjelpa me har fått, hadde vegen fram blitt tung. Ikkje berre  økonomisk, men óg med tanke på å få hjelp til alle dei tinga me ikkje har peiling på.

Eg har sagt det før, men gjentek for alle som tenkjer på å starte noko for seg sjølv; ein er amatør på de fleste fagområder. Som gründer er ein difor avhengig av proffe samarbeidspartnerar.

 

Takk for reisa til no, Nordea!

 

Kristin (og litt Johan)

 

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke