FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

KVIFOR FLOR?

 

Inspirert av sportsbransjen

Seinsommaren  2011  kom  idéen  om  å  laga  anleis  arbeidskle  for  kvinner.  Me  starta  opp  med  den  enkle  idéen  å  gjera  arbeidskle  for  kvinner  så  funksjonelle,  tidsriktige  og  tilpassa  som  mogleg.  Med  inspirasjon  frå  sportsbransjen  har  me  no  klar  ein  kolleksjon  som  me  meiner  tek  arbeidskvinner  på  alvor!

Hyller arbeidskvinna

Ingen  land  i  verda  har  større  andel  kvinnelege  arbeidarar  på  gardar,  oljeplattformar,  fiskebåtar,  verkstadar  og  fabrikkar  som  Noreg.  Dette  er  me  i  Flor  veldig  stolte  av.  Gjennom  våre  kolleksjonar  hyller  me  arbeidskvinna,  og  sikrar  at  ho  kan  føla  seg  vel  på  jobb,  anten  ho  befinn  seg  midt  i  lembinga,  i  gulerotåkeren,  eller  med  ein  hammar  i  handa. 

Fødd på Voss

Våre  kle  er  designa  på  Voss,  og  sydd  i  Kina,  med  innspel  frå  bønder  og  andre  som  har  fysisk  arbeid.  Som  bonde  må  du  beherska  ein  heil  del  ”yrker”–  du  er  gartnar,  snikkar,  jordmor,  anleggsarbeidar  og  rekneskapsførar,  og  det  kanskje  i  løpet  av  same  dagen!  Me  meiner  sjølve  å  ha  laga  ein  kolleksjon  som  kan  passa  til  alt  dette,  og  ynskjer  sjølvsagt  innspel  om  du  er  einig,  ueinig,  har  tips  eller  forslag  til  kva  me  kan  laga  neste  gong. 

Og  er  du  ikkje  bonde?  Arbeidsklea  kan  brukast  av  alle  som  vil! 

Flor  –  works  good  on  you!

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke