FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Jakta på den perfekte kjeledressen

Jakta på den perfekte kjeledressen!

Kvar gong eg går i floren har eg kjeledress på. Tidlegare stramma den over skuldrene, den gjekk opp i rompa då eg sette meg ned, den var tung og for lang i beina. Ein hovudmotivasjon for meg då me starta Flor var å laga ein kjeledress som er funksjonell, og som gjer meg glad kvar morgon når eg tek den på meg.

Slik pleier ein å sjå ut.

 

Men, vegen har ikkje vore like lett som kjeledressen vår no er.

 

Mor mi, Gerd, er ei av dei som har måtte testa ein del dressar.
Her i ein tidleg versjon, utan stretch i stoffet.

 

To lange år

22. mars 2019 startar me endeleg salet av kjeledressen. Denne dressen har det teke oss nesten to år og få fram, då det har vore viktig for oss å få fram den perfekte kjeledressen. Kva er det som er spesielt med akkurat denne kjeledressen lurar du kanskje på?

 

Torgunn og eg testar prototypar. Ingrid (designar) sydde tilslutt opp
ein prototype som me sende ned til Kina for forklaring.
Då gjekk det brått litt betre!

 

Her kjem nokre nyttige fakta om FLOR kjeledress:

  • Kjeledressen er laga i ein kombinasjon av nylon og spandex, som gjer at den strekk seg etter kroppen. Dressar som er laga i bomull har ikkje den same bevegelegheita.

Knut, bror min, er nesten like begeistra som meg
over at dressen kan romma mange ulike kroppar.

 

  • Kjeledressen har ei overflate kor støv, høy og liknande ikkje festar seg så lett.

  • Kjeledressen har lav hals, noko som gjer at du sjølv kan regulera varmen ved å bruka hals eller tørkle når det er kaldt, og ha halsen open når det er varmt.

  • Kjeledressen har elastisk ribb kring handledd og anklar. Det gjer at den er enkel å dra opp dersom du treng å ha den vekk frå hendene, og det gjer at du slepp bøya deg og bretta den saman for å få den nedi støvlane.

 

Dressen kjem i myrk lilla, blågrøn og svart. Her ser du detaljar på dressen.

 

  • Kjeledressen har ikkje strikk i livet som strammar på feil plass, men ei bevegeleg stramming som du kan plassera der du ynskjer, og stramma slik du ynskjer. Denne stramminga gjer at den kan den vera ganske så tøyeleg rundt magen om ein skulle vera gravid eller av andre grunnar trenga ekstra plass.

 

Anne har prøvd dei fleste av våre kjeledressar, også som gravid!

 

  • Kjeledressen har praktiske lommer. Ei mobillomma på brystet, knivlomme på høgre lår, ei brei lomme på venstre lår (som akkurat rommar ei vassflaske om du vert tyst sjølv, eller skal gje til kopplam og liknande) og to gode sidelommer i hoftehøgde. Sidelommene tenkte eg fyrst ikkje var så viktige, men fekk eg grei beskjed av mor mi om å ta dei attende – «kvar skal eg elles kvila nevane når det kjem folk på tunet»!

  • Kjeledressen kjem i praktiske fargar, noko som hindrar at skit visar.

  • Kjeledressen har merkelapp i nakken som det står «Godt jobba!» på. Slik er du sikra skryt kvar dag du tek den av deg! 

  • Kjeledressen er fødd på Voss, og sydd i Kina. Våre kle er designa på Voss, og sydd i Ningbo, nordaust i Kina.

  • Kjeledressen vår heiter berre Flor, dette er vårt viktigaste plagg. 

 

Prøv dressen

Me anbefalar dykk å prøva dressen på. Den ser ut som eit lite tankskip når den heng på kleshengaren, men ser svært mykje betre ut på kroppen! Ikkje minst føles den god, og det er trass alt det som betyr noko.

 

Same dress, ser ulik ut. Marie testar ein grøn prototype. 

 

7 prototypar

Som fyrstegongs kjeledresskreatørar har me gått i nokre feller, og vegen har vore kronglete. Me har tilsaman fått sju prototypar på vegen, men no er me endeleg nøgde.

 

Me har fått ny dress for femte gong, Ingrid (designar)
og Gerd (mor mi) er spente.

 

Undervegs har me fått mange gode og viktige innspel frå andre bønder, både kvinner og menn. Takk til dei damene som har stilt opp og testa den i bruk, kome med ærlege tilbakemeldingar og tips til løysingar.

 

Ragnhild Tennebekk Bjørke er ei av bøndene
som har hjelpt oss med testing, saman med resten av familien.

 

Flor – fine og funksjonelle arbeidskle til kvinner!

 

Torgunn saman med Ragnhild, som var
fyrstekvinne ut med å kjøpa kjeledress.
Dvs, ho fekk den av mannen Leiv til gebursdagen!

- Kristin 

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke