FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

HISTORIA TIL FLOR

EIN IDE VERT FØDD

Historia til det som skulle verta arbeidsklemerket Flor, starta allereie i 2011. Ein dag eg kom rett frå «kontorjobben» og heim til foreldra mine, måtte eg setja opp eit gjerde. Nett denne seinsommardagen hadde eg kjole på, men det var inga hindring. Då eg sto og monterte elektriskgjerdet, kom eg til å tenkja på arbeidskle. Kvifor er det slik at det som vert definert som arbeidskle er så definert innanfor faste råmer? Kvifor skal arbeidskle vera tungt, bale og gå med, stort og uhandterleg? Det går fint an å arbeida i kjole, så lenge det er greit at den vert skiten. Slik vart idéen om å tenkja anleis kring arbeidskle til. 

 

FOR SEINT UTE?

«Ein idé er ikkje verdt meir enn ein halvliter på byn» seier Thomas Hårklau, som har gründa både VossVind og Kitemill. Ein idé i seg sjølv er ikkje verdt mykje utan nokon til å gjennomføra, kapital og gjennomføringsevne.  

I dette tilfellet var det langt frå idé til handling for min del. Men jo fleire eg diskuterte idéen med, jo fleire var det som vart begeistra.  

Torgunn Hegland var på den tida min sjef i Festival Voss, og ei bra dame. Ho har vore med å drive Blabla, Lene V, Skigutane etc. Ho meinte arbeidskleidéen var god, så kvifor skulle me ikkje tenkja litt meir på den? Etter at Freestyle-VM 2013 var gjennomført, hadde me meir tid til råde, og me byrja så smått. Skuffelsen var stor då me på våren 2014 oppdaga at andre hadde kome oss i forkjøpet. Søren óg, idéen var allereie gjennomført – me var for seint ute! 

 

FRÅ VOSS TIL OL

Eg flytta til Lillehammer for å arbeida med Ungdoms-OL, Torgunn byrja arbeida i handtverkarbransjen på Voss. Livet gjekk vidare.  

Så møtte eg den eksentriske Johan Høstmælingen. Reklamemannen og Ekstra-lottotrekningsverten med (eit skjult) curlingtalent vart henta inn som greinleiar for nettopp curling i Ungdoms-OL. Han arbeida med Bondelaget si kvinnesatsing gjennom sitt kommunikasjonsselskap Ferskvann på Hamar, og var på leit etter noko som kunne vera varig, eit prosjekt som hylla kvinner i landbruket også etter at hans oppdragsperiode for Bondelaget var over. Idéen om å laga kle som både var funksjonelle, tok arbeidskle over til treningskleaspektet, og det å kunne vera noko meir enn eit arbeidsklemerke engasjerte han, og plutseleg var me i gang igjen. 

Namnet «Flor» kom til kring kjøkenbordet til Johan, etter at butikken «Fjøs» opna i gågata på Lillehammer. Flor tyder nemleg «fjøs» på mellom anna vossadialekt.

Patrik Søreide frå Voss var også henta inn som greinleiar under Ungdoms-OL, han for freestyle og snowboard. Me har arbeida saman på fleire World Cupar og VM i freestyle, og kjenner kvarandre godt. Patrik har eit organisert hovud, tenkjer visjonært og har arbeida i eigedomsbransjen i mange år. Då han syns idéen var god, vart han raskt med på laget.

Så var det design-biten. Sjølv om ein kan ha mange tankar kring kle og korleis dei skal og bør sjå ut, er det ikkje så enkelt å få det ned på papiret. Og kvar skal dei produserast? Eg har mange gode tanter, og dei tilbydde sine symaskiner, men me hadde ambisjonar om å verta større enn mine fem yndlingstanter kan produsera... og det er ikkje reint lite altså! Monika Sætherbø Syversen er opprinneleg frå Voss, men har budd på Lillehammer i mange år. Ho kjenner Johan, og vipps var ho med! Ho hadde kontaktar i Kina, og sparte oss for mange mil med undersøkingar for å finna rett leverandør. På designsida har Ingrid Brandseth vore avgjerande. Ho er vossing, og startar sjølv opp klesmerket «150 Yards Ahead». Ingrid er utdanna motedesigner frå Milano, og med ho på laget har me fått eit snev av italiensk mote inn i arbeidskle, og det er av stor verdi for oss! Me samarbeider elles med Ingrid også, sjølv om klesmerka våre er ulike har me mange av dei same utfordringane.

 

TEAMET SAMLA

Hausten 2016 samlast me for fyrste gong, og 1. januar 2017 stifta me selskapet Flor AS. Den fyrste tidslinja vår viser at me skal selgja kle frå november 2017, men no vert det september 2018 i stadenfor. Mykje kan forteljast om å laga ein ny kolleksjon, og det kjem i eigen post. Einaste som er sikkert er at det tek tid – og når ein trur ein har kontroll, så har ein ikkje det likevel ;)  

 

NORDEA SI GRÜNDERJAKT

Historia vår er i stor grad forma av tilfeldigheiter, folk ein møter undervegs, sjansar på vegen som ein grip. Ein av dei viktigaste slumpelukka me har gjort, er å melda oss på Nordea si gründerjakt. Me hadde få ambisjonar då Patrik minna oss på påmeldingsfristen siste kvelden, og Johan lappa saman ein film. Overraskinga var difor stor då Nordea ringde og kalla oss inn til telefonintervju. Sidan vart det opptaksprøve, og vipps så drog Johan i land sigeren medan eg reiste til Korea. Meir om Nordea si gründerjakt og alt det har betydd for oss kjem i eigen post seinare, men det er utan tvil noko av det viktigaste som har skjedd for Flor si utvikling. Frå 1. april kunne eg arbeida fullt med Flor, og Nordea er på vårt lag.  

Fyrste samling med FLOR-gjengen, med Lønahorgi i bakgrunnen.

 

 

TAKK!

Undervegs hadde me heller ikkje kome noko veg utan folk som heier og støtter oss. Foreldre, sambuarar, syskjen, ungar, vener, bønder, fylgjarar med fleire gjer at me kjem oss vidare. Dette er berre så utruleg bra og me er audmjuke og takknemlege!   

 

- Kristin

 

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke