FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Gravid? Det er null stress i Flor-kjeledress!



Flor får stadig spørsmål om me har kle til gravide. Sjølv om me ikkje har ein eigen gravid-kolleksjon, er det fleire av plagga våre du kan bruka til langt ut i svangerskapet.

Gravide vil ha kle som går godt over magen, som ikkje strammar og som lett kan tilpassast etterkvart som magen veks. Erfaringa frå våre gravide fylgjarar som har brukt Flor-klea er at kjeledressen dei kjøpte før dei vart gravide, for dei fleste varar til langt ut i svangerskapet. Stretch-stoffet gjer den behageleg, og stramminga i livet gjer at dressen kan utvidast etter behov.

Den eine buksa vår, Sjodna, har strikk i livet og stretch-stoff bak. Strikken gjer at den livet kan tilpassast ein veksande mage utan å stramma. Stretchstoffet som er bak på buksa gjer også at den kan romma kroppen om den veks på andre stadar enn magen.

Me håpar fleire gravide kan bruka arbeidsklea våre gjennom svangerskapet, og sjølvsagt i lang tid etterpå!



Sitat frå nokon som har brukt plagga våre under graviditeten.

«Så herlig med en fjøsdress som sitter som den skal, behagelig er den også, denne likte jeg!»

«Flor sin kjeledress var den eneste som passet under graviditeten, og den var i tillegg komfortabel å arbeide i. Jeg brukte den nesten helt fram til termin, og den passer fortsatt etter fødsel pga stretch og tilpassinger.»

"Dressen var det eneste som var komfortabelt da jeg var gravid. Heldigvis er den like komfortabel nå, på grunn av det elastiske stoffet. Praktiske lommer, og slitesterkt stoff."

Link til kjeledress: https://www.florworks.no/products/flor-kjeledress
Link til Sjodna-bukse: https://www.florworks.no/products/2019-sjodna-arbeidsbukse

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke