FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fri frakt over 1.500,- NOK - Fri retur - Rask levering

GODT JOBBA!



Kjære alle Flor-fylgjarar!

Me er alle i ein uvand og litt merkeleg situasjon om dagen. Nokon både kan og må arbeida som før, med andre sit på heimekontor eller i karantene. Uansett er det rart at me no må tenkjer over kvar me går, kven me besøker og kor nært me kan stå. Me må vera litt meir aleine. Kanskje dette gjer at mange kjenner på ei einsemd ein ikkje har kjend på tidlegare.

 

Flor hadde planlagt våren med mange turar kringom i landet for å møta dykk. So langt har me avlyst alt, og er førebudde på at det kan ta tid før me får reist rundt igjen.

 

Noko av motivasjonen bak å starta Flor, var nettopp å visa at saman er me mange! Sjølv om me er kvar for oss rundtom på dei ulike gardane og arbeidsplassane våre i dette langstrakte landet, er me eit fellesskap. Sjølv om me står aleine, er me saman. Dette vert jo enno viktigare å hugse på i desse dagar. Kva gjer de der ute for å halda motivasjonen og gleda oppe? Har de nokre gode tips og triks de vil dela?

Sidan me diverre ikkje kan reisa rundt og møta dykk, inviterer me dei som vil til å dela korleis kvardagen er i desse dagar. Me i Flor vil oppfordre til å kjenne på felleskapen som kan oppstå i einsemda. For aleine er me ikkje – me er berre på avstand akkurat no!

Del eit bilete og/eller motiverande tips til korleis din Flor-dag er til post@florworks.no – så skal me spreia det vidare til resten av Flor-gjengen via sosiale medier! 

 

Og har du behov for ei oppmuntring i dag? Ta ein kikk på merkelappen i kjeledressen, jakka eller buksa di! Frå alle oss, til alle dykk der ute som står på i tøffe tider – GODT JOBBA J

Me minner om at butikken vår i Stallgata på Voss er stengt inntil vidare. Nettbutikken er open og fungerer som normalt.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke