FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fri frakt over 1.500,- NOK - Fri retur - Rask levering

FLOR testar barnehage / barnehagar testar FLOR!


Flor står stødig i landbruket, og som bonde må du beherske ein heil del ulike yrke, som gartnar, snikkar, jordmor, anleggsarbeidar og rekneskapsførar. Dette betyr at du ikkje må vera bonde for å bruke Flor! Våre kundar har til felles at dei verdset arbeidskle som er behagelege å ha på, er praktiske og funksjonelle med tanke på forsterka eller vassavvisande stoff. Og då er sjølvsagt Flor-kle veldig brukbare på jobb i barnehage!

I april tok me kontakt med ein barnehage her på Voss, og lurte på om dei ville vera «testpersonar» for oss. I mai starta testinga, og gjennom vår og sommar har dei prøvd ut sjodna- og våronnbuksene, shorts, kjeledress og fleece, og kome med attendemeldingar til oss. I juni vart me kontakta av ein annan barnehage, der styrar ville kjøpe Flor-bukser til alle sine kvinnelege tilsatte. Mai og juni var fine sommarmånadar her på Voss, så me gler oss spesielt til dei får brukt klea meir utover hausten.
De tilsette i begge barnehagane fortel at dei har brukt klea fleire gonger i veka. På spørsmål om kva dei eventuelt syns er bra med plagget på jobb i barnehagen, svarar dei mellom anna:

Sjodna: «Behageleg å ha på!»

Våronn: «Elastisk og god å ha på seg. Nett og tynn/lett bukse å gå med».

«Veldig god på jobb i barnehagen, komfortabel å ha på og lett å bevega seg i»

Kjeledress: «Veldig behageleg, lett å vaska. Vil sei den er perfekt til barnehagebruk om våren, litt om sommaren og om hausten».


Om du jobbar i barnehage og ikkje heilt har funne dine favoritt-plagg; prøv Flor! Me ynskjer at alle arbeidskvinner skal ha fine og funksjonelle arbeidskle.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke