FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

FLOR SIN PÅSKEKRIM

FLOR SIN PÅSKEKRIM

Påska er ei tid for skumle plot og mykje spaning - men også for fjas og tull. Me gjekk for det siste alternativet. 

Flor har lenge pønska på ein påskekrim, faktisk allereie i fjor var me inne på idéen. I år skulle me slå på stortromma! Me laga eit offensivt og omfattande manus, som inneheld både Voss Lensmannskontor, den lokale banken og eit tun dei lagar smalahove i.

Men så etterkvart då tida gjekk, politiet ikkje kunne stilla på slike prosjekt og me innsåg at påska nærma seg, gjorde me ein god innsats ein dag og spikra saman kring 60 snuttar. Johan trylla dei saman, og vipps - slik får me ein påskekrim. Med skamlaus produktplassering har me fått fram gode ting med våre eigne plagg, og det viser seg at folk har fylt med. 

 

Takk til dykk som bidrog på konkurransen, og som støtta opp om prosjektet undervegs!

 

Som i alle store filmproduksjonar, gjekk ikkje alt etter planen. Her er nokre klypp som viser det som ikkje kom med i sjølve serien. Kos dykk! 

 

 

Idé og manus: Emelie Waag Strandborg

Redigering, klypp og grafisk utforming: Johan Høstmælingen

Rolla som etterforskar: Kristin Lemme

Alle andre rollar: Emelie Waag Strandborg

Forteljarstemme: Johan Høstmælingen

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke