FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Rask levering 2-4 dager - Fri frakt over 1.600,-

FLOR-ÅRET 2020

2020 skal oppsummerast  - og på trass av eit annleis år, kan me me sei: "FOR EIT ÅR!" Me har mellom anna gått frå to til tre tilsette, flytta butikk, lager, og kontor, fått mange nye produkt og hatt omsetningsrekord! Her er Flor sin årskavalkade for 2020.

Collage med diverse Flor-bilder fra 2020

Januar
Året ser innhaldsrikt ut og me har meldt oss på messer og planlagt turar. Planane er store, me skal bli fleire tilsette utover i året og me startar 2020 friskt. Me byrjar med ein tur til austlandet; Mat og Landbruk på Oslo plaza. Vidare går turen til Hamar, der rundt 100 damer var samla på ammeku-kurs. Veldig kjekt å møta og bli kjend med eit nytt miljø!



Februar
Starten av februar byr på vårdag på Felleskjøpet på Voss, Oslo Horse Festival på Lillestrøm og så skjer det me har venta på så lenge – Arbeidsbuksene Våronn kjem i nye fargar; skogsgrøn, burgunder og svart med lysegrøne detaljar.

Det andre store som hender i februar, er at me har fått til ein avtale med Felleskjøpet Rogaland/Agder, og kjem inn i tre prøvebutikkar; Varhaug, Haugesund og Etne. Kristin reiser på besøksrunde og møter alle tre butikkane og dei trivelege folka som jobbar der, me gler oss over samarbeidet og tenkjer det ikkje vert lenge til neste besøk!
På veg oppover att har me det fyrste av det som skulle bli årets store slager – nemleg popup-butikk. Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer oss til Uskedalen, og det kjem mykje folk!

Planen er at 1,5 tilsett skal bli til tre i løpet av april – Emelie skal ut i permisjon og inn skal Eline. Ho får sin elddåp med Bjørgum bygdekvinnelag i slutten av februar. Dei har samling for alle bygdekvinnelaga i Hordaland og lærer Eline at gode bygdekvinner kan baka, koke suppe, halde foredrag og vera supermodeller. Betre opplæring kan ho ikkje få!




Markering av kvinnedagen - frå skisse til ferdig produkt

Mars
Så kjem mars….
Me er med på nyopning av butikk hjå Kvam fruktlager i Øystese – det rekk me.

8. mars held me innlegg som planlagt i høve Kvinnedagen på Voss.

Vidare er planen tur til Trøndelag og Rogaland, men når koronaen kjem, stenger me både butikk og avlyser åtte arrangement. Me ser myrkt på situasjonen, permitterer Kristin og klør oss i hovudet. Skal me verkeleg tore å bli fleire tilsette i ei slik tid?
Me har heimekontor. Me er ute og klappar for helsepersonell, og prøver spre litt gleda i sosiale medier. Me vert spesielt glade når me ser Sigrid Bonde Tusvik i klea våre, og kjeledressen ser jo ganske bra ut med rosa tyllskjørt? Og kanskje treng fleire kjeledress både med og utan tyll i ei slik tid. Nei, me skal gjere det beste ut av dette! Dette skipet er ikkje klart for å gå ned!



April
1. april lanserer me i god tradisjon eit nytt tullemerke som heng saman med resten av profilen vår; dette året vert det briller – Glor!

Me lagar påskekrim på Lemme, med Kristin, mor til Kristin, katten Florsus, utstillingsdukka og ei minion-drakt som skodespelarar. Ganske smittefritt, og minst like spanande som tidlegare år. Emelie går ut i fødselspermisjon, Eline byrjar for fullt og me funderer på korleis me skal vinna over dette annleisåret! Me byrjar ana konturane av auka sal i nettbutikken. Kanskje kombinasjonen oppussing/barnehage/hagearbeid/våronn + at folk er opptekne av å støtte små bedrifter kan gje oss drahjelp?



Mai
Patrik byrjar endeleg som dagleg leiar, og Kristin og Eline byrjar med moBIL popup-butikk. Kjempeidè! Utandørs, smittevenleg, me kan møta folk og vera på vegen. Fyrste tur dreg me heilt til Utne i Hardanger. Det kjennes som ei utanlandsreise; me sit fleire timar i bil, tek ferje og ser vakre Hardanger att.

På Utne er det mange som ikkje har brukt pengar på ei stund, så nokre timar på ferjekaien vert svært så innbringande for oss. Me er også på besøk på fruktgarden til Martha, og får teke nokre vårlege bilete frå Hardanger. Etter suksessen i Utne, reiser me også til Ulvik, Knarvik og heilt til Våler før månaden er over. Me har også vårdag på vår eigen butikk, Lokal på Voss, saman med Pakkenellik og 150 Yards Ahead. Salet går godt i desse vårmånadane, til trass for korona – og me er optimistar.

Pridefestival juni Voss

Juni
Me erfarar at det å reise rundt med bilen både er smittevenleg – og at folk set pris på at me kjem rundt. Difor bruker me juni til å reise land og strand rundt med bilen vår.

Me besøker Eidfjord, Hemsedal, Ål, Rauland, Tofte og Kaupanger. Takk igjen til alle dykk som tek i mot oss, møter oss, handlar og gjev oss attendemeldingar – Flor går ikkje vidare utan dykk!
Me leverer våre fyrste kle til barnehagar på Voss, og byrjar tenkja meir på barnehage. Me møter Anne Holter Hovind som har bloggen/instagramkontoen Moseplassen for fyrste gong, og utstyrer ho med gode kle til hagen. På Voss vert det feira Pride, og Eline målar på eigne kjolar til oss!

Bilde fra Lokal og nye butikken vår i Strandavegen

Juli
Så kjem juli med sol og sommar. Me hadde hatt lyst å hylla kvardagshelten og kva brukar ein kvardagshelt? Ikkje kappe, men hette! Så då laga me Kvardagsserien; hettegenserar og t-skjorter i svart og skogsgrøn.
Kristin tek seg ein liten snartur til Vardal utanfor Gjøvik, på slåttonndag. På vegen heim stoppar ho på Dyranut. Dei har seldt klea våre sidan 2019, og det er stas med eigen popup-butikk der.

Prisen for årets mest eksotiske popup-butikk går til Selheim gard og butikken me har på Grettestølen på Voss. Dei har byrja med stølsdrift der oppe og arrangerer ha stølsdag. Hit klarar ikkje Flor-bilen å køyra, så me nytta ATV! Flor – gode på logistikk sidan 2017.



August
På slutten av juli månad pakkar me oss saman frå Stallgata 7, og 1. august overtek me nytt bygg! Me flyttar til Strandavegen 3, med stor parkeringsplass, stor lagerplass og ein stor, synleg butikk. Tida i Stallgata 7 vil alltid vera spesiell for oss, og me vil takka huseigar Brunborg for å gje oss sjansen til eigen butikk sommaren 2018. Det set me stor pris på!

I nye lokale er det mykje me vil gjera. Me målar heile fasaden, får på logo, og byggjer butikkinnreiing. Me lagar nytt lagersystem, får sett inn ein liten kjøkenbenk og installert oss på ein god måte.

Vår designar, Ingrid Brandseth, vert med på flyttelasset med sin eigen butikk 150 Yards Ahead – du finn meir om det merket her: www.150yardsahead.com

29. august er det klart for butikkopning. Det vert eit smittevenleg arrangement med opning heile dagen, og mykje folk innom i små puljer. Bjørgum Bygdekvinnelag steikjer lappar til oss, og me sel ein heil del.

Ein tur ut vert det tid til i august også, me er i Sauda på garden til Jorunn, og så reiser me til Varhaug der me er hjå Ystepikene saman med Felleskjøpet på Varhaug. God ost, moteshow og mykje sal!



September
September byrjar med at flanellskjortene kjem, akkurat for seint for å få dei med oss nordover på tur. Så kva gjer ein når slikt skjer? Eline veit i alle fall råd, set seg i bilen og hentar dei på terminalen i Oslo! Dagen etter legg me ut på årets lengste tur. Me er fyrst i Bjorli hjå Anne Cathrine på Bjorlivollen låve. Så går turen heilt til Brønnøysund, der Margrethe på Moe gård gjev oss både husrom og garasje til butikk. Turen går vidare til Trøndelag, der Kathrine på Bærja kafé organiserer butikk for oss. I Åfjord får me møtt Anne-Lise som klypper sauer – og driv gardsbutikk. På «GalKramp» på Inderøy får me omsider helsa på Ingrid, som har seldt Flor-kle sidan mars. Så køyrer me sørover att, til Sør-Fron og Aanekre gard. På vegen heim over fjellet er me innom Trine i Vågå, og planlegg snarleg retur.

Vel heime att er det ny tur for Eline, til arrangement med Kvinner i skogbruket og til Mattisrud i Løten. Men no saknar me Voss….

Fotoshoot  med Kaia, Kristin, Eline Therese og May-Helen

Oktober
Så i oktober bestemmer me oss for å vera heime og ha fokus på nettbutikk – og butikk. Butikken går betre enn venta, og det er veldig kjekt at så mange tek turen innom.

Årets kanskje største høgdepunkt kjem endeleg i hus! No kjem endeleg arbeidsulla vår, Inst arbeidsull. Panneband, stillongs og ulltrøyer med rund og høg hals gjev eit etterlengta påfyll på lager, butikk og nettbutikk. Dette er stor stas, og noko me har venta spent på i over eitt år.



November
Folk er oppmoda om å kjøpa jolegåver tidleg i år, og det viser seg at folk gjer det. Me har planar om turar hit og dit, men alt vert avlyst grunna ei oppblomstring av koronasmitta rundtom. Me flytter heller fokuset over på livesendingar på facebook og instagram, og har vår fyrste livesending retta mot interesserte i Vågå og omegn, for å kompensera for at me ikkje kan ta turen dit. Etterpå har me fleire slike arrangement, me har også eit eige eitt for kvinnelege bønder, og eitt for barnehagetilsette. Me sender ut våre fyrste nyheitsbrev, og prøver oss fram også her.
Elles får me siste prøvar på ein ny kjeledress / fjøsdress – den kjem i slutten av januar. Den er skogsgrøn i fargen, og har eit litt tjukkare stoff. Me får tre testpersonar til å godkjenna kjeledressen, og trykker på bestill-knappen!



Desember
Desember i annleis-året 2020 er her. Det rullar og går i nettbutikken, og me har adventskalender med trekning kvar dag kl 1130. I butikken går det jamt framover. Den 10. desember samlar me kjende og kjære Flor-brukarar til ei livesending på føremiddagen. I god «God Morgen, Norge»-stil går me rundt og intervjuar dei, og med skamlaus produktplassering fortel dei korleis dei brukar plagga våre.

Eit nytt Flor-år er over, og det har bydd på mykje. Me er spente på 2021. Me vonar me snart kan ut og møta folk att (ikkje berre over nettet!) og at pila peikar på meir klessal. For å driva ei oppstartsbedrift, er det mange som skal til. Sjølv om me berre er tre tilsette, har me to med oss på design – Ingrid og Baste. Me har også ein aktiv styreleiar i Torgunn, og ein flink reklamemann i Johan. I tillegg er familie og vener med og dreg lasset. Til alle dykk – tusen takk, me kunne ikkje ha klart oss utan!

Og til alle de som handlar Flor – det gjer at me kan utvikla meir produkt og auka arbeidslysta til enno fleire. Tusen takk for det.

Med dette ynskjer Flor eit godt nytt år. Ta vare på kvarandre, om de er nær eller fjern – det er mange måtar å visa omtanke på.


Hjarteleg helsing frå
Kristin, Eline, Patrik, Torgunn, Johan, Ingrid og Baste

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke