FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

FLOR-ÅRET 2018

Flor oppsummerer Flor-året 2018

2018 var for Flor som 2001 var for Mette-Marit – fullt av opp- og nedturar, men det beste året så langt i historia vår. Frå å koma ut med prosjektet i november 2017, har me hatt ei bratt læringskurve, og den stig framleis. Jola er som kjend tid for refleksjon, så her har me prøvd oppsummera floråret 2018. For Flor har det skjedd mykje, men det har også skjedd mykje for dei som er involvert.

 

Januar

Me har meldt oss på Gründerjakta til Nordea. Folk heier og stemmer på oss, det er skikkeleg motiverande. Patrik held stø kurs på sosiale medier, og Johan klypper filmar og redigerer bilete som skal få oss til å sjå enno betre ut. Presentasjonar vert finpussa, og pitchelines vert øva på. Det sjukaste skjer når Nordea roper opp FLOR som vinnar av deira «Gründerjakt», og me innser at dette kan verta større enn me turte håpa på.

 

Februar

Rett før Johan dreg sigeren i ”Gründerjakta” i land, reiser Kristin til Korea for å jobba med OL. Merksemda me får i samband med Nordea er stor, og me er i VG, Avisa Hordaland og gründermagasinet Shifter. For Patrik er Gründerjakta stort, men enno større er det at vesle Oda kjem til verda midt oppe i det heile, og tek fullt fokus så søt som ho er.

 

Mars

Kristin kjem heim att frå Korea i slutten av februar, og me byrjar planleggja med Nordea kva som skal skje. Ho må sei opp jobben sin i Voss kommune, og trist er det for det var ein veldig interessant jobb med mange kjekke folk. Likevel er det ingen tvil – no vert det Flor kvar dag! Me sluttrapporterer Innovasjon Norge sitt marknadsavklaringstilskot, og får utbetalt siste rest av pengane. Desse kjem godt med!

I samband med Hordaland Bondelag sitt årsmøte på Voss, får Kristin møtt Frøydis Haugen for fyrste gong. Dette skal visa seg å verta eit godt bekjennskap, då ho er ei flink dame som dreg oss med i forskjellige høve.

 

April

I byrjinga av april reiser heile gjengen til Oslo og møter Nordea for fyrste gong. Kristin vert tilsett i banken, og må sjå si til no lengste kontrakt. Bank er formelt, så her er det viktig å ha papira i orden!

På Voss er det Europameisterskap i Vindtunnel, der dottera til Torgunn vert Europameister. Bygda er engasjert i meisterskapen, og Flor får vist seg litt fram som arbeidskle for arrangementsriggarar!

Kristin flytter inn på kontor saman med to andre damer i «Bonangergata» på Voss. Her er det fint å vera dei fyrste månadane av fulltidsjobben med Flor.

Johan og Kristin møtte Felleskjøpet i november, og no får dei innpass igjen. Dei reiser til Lillestrøm og prøver seg på innsal. Felleskjøpet er ikkje negative, men me har ein veg att å gå.

 

Mai

I samband med 17. mai er Kristin rundt og tek bilete med både sauer og ullgris. Den grøne kjeledressen kjem, og me føler endeleg at me har funne den perfekte kjeledressen. Så får me vita at dei ikkje har det stoffet me vil ha, og så er det påan igjen. Det skal gå lang tid før me igjen finn dette og set produksjon.

 

Juni

I juni er forretningsplanen i fokus. Me møtes på halvvegen i Vang for å ha møte. Nordea kjem på besøk på Voss mot slutten av månaden. Me går gjennom planen, justerer og er nøgde med den. Me får Ida, Åge og Håvard frå banken til å måla Flor-logo på floren til Kristin, me går fjelltur, søv på stølen og er med på Ekstremsportveko (kun fest, ingen sport). Veldig kjekt å verta betre kjend med Nordea, og ikkje minst visa dei kor kjekt me har det på Voss!

2018 er den verste turkesommaren på svært mange år. Det er mykje fokus på fórkrise. Varmen gjer at me saknar ein Flor-shorts, og me bestemmer oss for å laga ein arbeidskjole slik at me er førebudde til neste sommar.

Patrik og Kristin møter Innovasjon Norge i Bergen, eit svært positivt møte. Me vert råda til å søkja om oppstartslån, og får gode råd også på andre ting.

 

Juli

Flor leiter etter lager og kontor, og kjem over eit stort lokale midt i sentrum. Me får med oss designaren vår Ingrid Brandseth (som også har sitt eige klesmerke – 150 Yards Ahead) og saman med illustratør Lilly Selland bestemmer me oss for å leiga eit stort lokale saman i Stallgata 7. Her skal me ha kvar vår krok med butikk, kontor og lager.

Johan pusser opp huset sitt på Lillehammer, og er stort sett i gravemaskina uansett når på døgeret ein ringer han. Kristin byrjar på sitt oppussingsprosjekt på Voss, så sommarferien vert brukt på måling, fiksing og pussing. I mellom dette er me ein tur til Lillestrøm att, og no er Felleskjøpet med på ein avtale med oss, som gjev oss distribusjon i 15 av deira «testbutikkar».

Endeleg skjer det, ein stor milepæl. Fyrste lass med kle vert sendt frå Kina med båt til Noreg. Nokre forseinkingar har det vore, men så skjer det – me har kle på veg! Å driva eit klesmerke utan å ha kle, slik me har gjort sidan november, er både krevjande og lite økonomisk. No ser det ut til at ting skal løysa seg.

 

August

Me overtek butikklokala våre i Stallgata 7 den 15. august. Me byrjar pussa opp og planleggja, er enno usikre på når me kan opna. Klea kjem snart frå Kina, og då må i alle fall lageret vera klart! Me får mykje hjelpa av vener og slekt, og me hadde aldri klart det utan positive folk som stiller opp på dugnad!

 

September

September er månaden alt skjer. Heldigvis får Patrik pappaperm, slik at han også kan vera litt meir med på Flor.

Me er i innspurten på opning av butikk, som skal heita «Lokal». Me set datoen 12. september for å ha ein deadline, og me rekk det på hengande håret.

Klea kjem til Voss veka før, og alt får plass på lageret vårt. Torgunn rydder og lagar system, og snart ser det ut som at me ikkje har gjort anna enn å selgja kle. Felleskjøpet får klea tilsendt i posten, og me oppdagar raskt at me ikkje er så proffe likevel – for klea har ikkje strekkode. Ein kjempestrek i rekninga.

Me rekk akkurat butikkopninga 12. september kl 1130, og ordføraren står for den offisielle opninga med konfetti og ein svært fin tale. Nesten 100 stk er innom fyrste dagen, og får servert skjevemat med leverpostei og Vossafår.

Seinare på kvelden skulle ein tru me var på fest, men då sat me til langt på natt og produserte strekkodar, som me sende til alle FK-butikkane dagen etter. Amatørmessig, men slik redda me såvidt situasjonen.

Neste morgon reiser Patrik, Kristin og mor til Kristin, Gerd, til Dyrskun i Seljord. Her har me både eigen stand og får også selgja i Felleskjøpet Bø sitt salstelt. Interessant å få så mange tilbakemeldingar, snakka med mange, møte Felleskjøpet i butikk for fyrste gong og sjå korleis ei så stor messe vert driven. For arrangementsnerdar som oss var det veldig moro!

Flor leiger inn Ingrid Brandseth som designar, og Emelie Waag Strandborg vert også med på kontorarbeidet. Ho er så allsidig at ingen oppgåve er for stor og ingen for liten. 

 

Oktober

Oktober var månaden der me reiste på Felleskjøpet-turné kringom i landet. Me er på 15 butikkar, og me rakk innom nesten alle.

På heimebane arbeider me med å få opp nettbutikken, og etter nokre oppstartsutfordringar er me online. Morro å senda ut si fyrste pakke, me har kjøpt pappøskjer nok til 5 år framover og har avtale med Bring som henter og leverer.

På design-sida får me avtalar med Ingrid Brandseth og Baste Eriksen, som båe skal bistå oss å utvikla produksjonen vår.

Flor har samling på Lillehammer, på nøyaktig dagen eitt år etter me var der for å henta dei fyrste prototypane til Flor.

Me søkjer Innovasjon Norge om oppstartslån, og får det innvilga kort tid etter. No har me kapital til å ta dei lyfta me ynskjer!

 

November

Emelie, Astrid (systre til Kristin) og Kristin reiser til Lillestrøm og Agroteknikk. Her får me vera på Felleskjøpet sin butikk, og me sel svært godt. Mange bønder er innom, det er skikkeleg kjekt. Me får nokre nye bekjentskapar som viser seg vera nyttige (og bra folk!). Fleire FK-butikkar tek oss inn etter dette, og tilsaman er me no i 20 butikkar!

På mediefronten får me plutseleg ein oppsving, og me får sak i både Bergens Tidende, Bondevennen, GD og Avisa Valdres.

Me er på butikkopning i Barkåker (Tønsberg), der det er kake og god stemning.

Kristin er med på Ung Bonde-samling i regi av Bondelaget, og på kvinnesamling for kvinner med tillitsverv på Voss. Her får ho snakka om Flor, og får svært positiv respons!

Ved eit slumpetreff legg me ut på sosiale medier at «me er på veg mot vår fyrste milliard», og mange trur at me faktisk har omsett for ein milliard. Det vert mange forklaringar, og ikkje minst bekreftingar på at me manglar nokre nullar for å vera der. Men me er jo på veg, det er ein jo frå dag 1...

 

Desember

Desember kjem med jolesal, og det er svært mange menn som kjøper gåver til bra kvinner. Me set produksjon for vår 2019 (ja, me er litt seint ute) og haust 2019, samt at kjeledressen vert bekrefta levert på Voss i mars 2019. Me får fyrste prototype på arbeidskjolen vår, og spradar rundt i den i butikken.

Shifter (gründermagasin) skriv ein svulstig artikkel om oss då me deltek på Julemarked hjå Nordea, og her får me ein del merksemd.

Me deler ut «Årets mestselgjande Felleskjøpetbutikk»-prisen vår til Voss, med blomar, diplom og god stemning.

Me avgjer å tilsetja Emelie Waag Strandborg frå nyttår av, som skal vera «potet» saman med Kristin på kontoret og rundtom på ting me driv med. Me gler oss veldig til å starta opp att på nyåret, med fleire spanande produkt på veg (hovudplagg) og vår eigen kopp. Det er ikkje alt me kan rekka til jolesalet, men januar-presangar funkar jo også.

 

Me ynskjer alle våre fylgjarar eit godt nyttår, og me vonar me får møtt dykk alle i 2019.

 

Takk for at de fyl med, heier og kjem med innspel.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke