FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Flor-kle på 1-2-3!

Kle – og Murphys lov

Murphys lov seier: «Ting vil gå galt uavhengig av situasjon hvis gitt muligheten». Vel Murphy – her i Flor står moglegheitene i kø!

Sjølv om det ser ut som at alt går på skiner i Flor, er det mange utfordringar. Mykje går bra, men noko går óg dårleg. Å kommunisera det som går dårleg er ikkje like enkelt, og spesielt når alt flyt og ein ikkje har kontroll. Klesproduksjonen, som jo er det viktigaste me driv med, har vore ein berg- og dalbane. No når me endeleg har mesteparten av den trygt i hus, kan me reflektera og oppsummera litt over prosessen så langt.

 

I sal november 2017. Not.

På vårt fyrste møte i oktober 2016, laga me ein tidsplan. Denne vart bearbeida fleire gonger, og vinteren 2017 laga me ein til. Der stor det: «November 2017: Kle på lager». No snakkar me september 2018, og klea er endeleg på lager! Det har vore ein lang og krevjande prosess, med mange høge toppar og djupe dalar frå då fekk våre fyrste prototypar i juni 2017. Dei høge toppane har vore då me har fått kle, dei har vore betre enn me kan drøyma om! Og så har det plutseleg kome kle i andre størrelsar, andre stofftypar og andre fargar enn me visste om. Me har no rydda opp i alt det, men kjeledressen har me ikkje funne draumestoffet til enno. Me avventar difor produksjon av den til dess me er i hamn med eit stoff me er 100% nøgde med.

 

Idear

Flor er eit klesmerke for og av kvinner, og for oss har det vore avgjerande å ha med andre i idéutviklinga. Kva treng me, korleis skal produkta sjå ut, løysingar og behov. Det er mange kvinner i alle aldrar som har delt sine tankar med oss, og det set me stor pris på. Også menn har hatt meiningar, og det har kome mange verdfulle innspel frå den kanten.

Sjodna-buksa kom opp som ein ide; eg gjekk på folkehøgskule med Kathrine Sandvold Lundgren frå Trøndelag, og no har ho kjøpt seg gard! Me intervjua ho i samanheng med oppstart av Flor, og ho kom med fylgjande idé; «Eg vil ha ei bukse som er vasstett framme, med stretch bak. Det hadde vore den perfekte arbeidsbuksa i fjøset!» Som sagt, så gjort. Samstundes fann me ut at ei jakke i tilsvarande konsept hadde gjort seg. Plagga skal difor halda deg turrare enn vanlege bukser og jakker, men likevel ikkje heilt vasstett grunna at stretchstoffet gjer det meir behageleg å gå i. Vanlegvis i eit fjøs, treng ein ikkje meir enn dette. Stretchen gjev deg samstundes moglegheit til å arbeida meir fleksibelt, og få plagg du vert glad av å gå med.

Me ynskjer slike konkrete innspel, og me ynskjer at ein kan samarbeida med bønder der ute som har gode idéar. På den måten kan me utvikla det beste klesmerket – som mange kan ta eigarskap til.

Florteamet planlegg den perfekte  kjeledressen.

 

Design

Til trass for sterke meiningar kring kle, funksjonar, passform etc kan jo ikkje eg teikna dei sjølv, så me har heldigvis hatt med oss Ingrid Brandseth på design. Ho er utdanna innan mote frå Milano, Italia. Ingrid har sitt eige klesmerke, 150 Yards Ahead, som lagar miljøvenlege kle som høver både til herre og dame, og som ikkje er sesongbasert. Eit svært interessant prosjekt, og eit stykke frå Flor sitt arbeidskle «kun for kvinner»-konsept. Det gjer det spanande å ha ho med, for ho ser heilt andre ting enn det me gjer. Sjølv om me dreg arbeidskle langt inn mot trenings- og turkle, ynskjer me at Flor skal skilja seg ut, sjå bra ut, og verta spesielt. Det hjelper Ingrid oss med.

På produksjon har Monika Sætherbø Syversen vore sentral. Det er ho som kjente fabrikken i Kina, og som har hatt hovudansvaret for kontakten ned dit.

 

Torgunn og eg testar fyrste og andre prototype av kjeledress frå Kina. 

 

Tips til deg som vurderer klesproduksjon;

Mykje kan gå gale når ein skal starta klesproduksjon for fyrste gong, men mykje har også gått bra. For å oppsummera, prøver me oss med nokre råd til dei av dykk som lurar på om dei skal starta opp med tilsvarande prosjekt, og bestilla kle frå Kina. Desse er sjølvsagte for dei av dykk som har gjort dette før, men det er råd me gjerne skulle hatt før me sette i gang:

  • Reis til Kina. Ein tur til Kina sparar dykk for hundrevis av epostar der du lurar på om engelsken din frå gymnaset eigentleg held mål
  • Tenk gjennom korleis produktet ditt skal vera på førehand. Korleis skal glidelåsar sjå ut, fargar, små detaljar. Putt alt i eit excelskjema, og gjer alle endringar her og ikkje i ein av dei fleire hundre epostane du sender att og fram.
  • Hugs på at alt tek tid. Kanskje er logoane brodert lenge før resten skal syast, så endringar i siste liten skapar berre krøll.
  • Sjekk alle detaljar både 2 og 3 gonger, og ha med fleire på dette. Slik me opplever det, produserer Kina det som står på skjemaet, uavhengig om det heng på greip eller ei. Pass difor på at skjemaet er rett, og at rett folk har rett skjema!
  • Ver klar på omfanget frå fyrste stund. Vår fabrikk i Kina trudde fyrst me ville ha 1000 per farge per plagg, noko som hadde resultert i over 25 000 plagg heim på fyrste kolleksjon! Etter litt om og men fekk me nedjustert antalet, men mykje arbeid kunne vore spara om dette var klarlagt frå byrjinga av.
  • Ver hyggeleg. Kina er mykje høflegare enn oss, så sleng alltid på ein Thank you sist i eposten.
  • Sjekk alt Kina sender til dykk både ein og to gonger. Seier dei at dei har kopiert eit skjema, kan det likevel vera at det ikkje er heilt likt. Sjekk difor alt som kjem! Og sjekk alt du sender frå deg... Du kan også ta feil!
  • Før prosessen inn i ein logg. Kva dato avgjorde de farge på glidelåsar? Kva dato kom buksevareprøven etc. Dette kan vera gull verdt seinare om noko skal gåast i saumane.

 

Mi skisse til bukse. Ikkje rart eg treng hjelp...

Eg treng hjelp!

Eg som klesgründer utan design- og produksjonsbakgrunn, har følt meg ganske så hjelpeslaus stundom i desse prosessane. Eg har vore prisgjeven andre som kan hjelpa til, og det er difor svært viktig at ein er samsnakka og har kontroll/er einige undervegs. Med god hjelp frå forståelsesfulle kinesarar er me komne i hamn med klea på lageret – så no gjenstår berre fleecejakka (den er på veg) og å finna rett stoff til kjeledressen!

 

Kristin – dagleg leiar Flor

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke