FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fri frakt over 1.500,- NOK - Fri retur - Rask levering

FLOR-kavalkade for 2019

Nok eit Flor-år er over, og for eit fantastisk år det har vore. Me har kome ut med fleire nye produkt, vore land og strand rundt i Noreg og fått kjenne på at gründerlivet ikkje berre er leik og moro. Før vi fortsett reisa inn i 2020 ynskjer vi å oppsummera fjorårets oppturar og med dykk.

 

Januar

Nytt år nye moglegheiter, og me får levert huer, capsar og halsar – alt me treng i den kalde tida. Flor samlar seg for styresamling på Lemme, tek ein tur til våre vener i Nordea i Oslo og får delta på Hegnar-TV i samarbeid med Nordea.

 

Februar

Februar byrjar med landbrukssamling i Øyer der me har stand og får vera med på fleire nyttige føredrag. Heima kjem entreprenørklassen på Voss Gymnas på besøk i butikken vår, Lokal. Dei får høyra historia til Flor, og våre med-butikk-eigarar 150 Yards Ahead og Pakkenellik.

Me gler oss veldig til kjeledressen skal koma, og har fotoshoot på tre ulike gardar med dei dressane me har fått som prototypar. Felleskjøpet på Voss har vårdag og me er med der.  

 

Mars

Me held fram med reisinga, og byrjar månaden med «Damenes aften» på Norsenteret i Kongsvinger. Her køyrer Kristin presentasjon og eit lite moteshow. På sjølvaste kvinnedagen 8. mars får Kristin halda innlegg på markeringa i Øystese der det særleg er fokus på korleis me kan få fleire kvinner inn i alle yrker, også dei mannsdominerte.

Også Felleskjøpet i Holstad arrangerer Damenes aften, og der får me også halda innlegg og eit improvisert moteshow med lokale supermodellar. Så vert me invitert til Vågå, der Skåppå Kunnskapspark arrangerer Gründersamling. Så venta reit opphald på Lillehammer som vert litt lenger enn planlagt, då Flor-skodaen bestemmer seg for å ta ein liiiten pause. Heldigvis er Falcken på plass og får oss taua inn, og gode vener låner ut bilen sin slik at ferda kan halda fram. Damenes aften i Barkåker står for tur.
 

Mot slutten av månaden kjem Nordea på besøk til Lemme og Voss, med eit filmteam på slep. Me serverer smalahove-take away, og speler inn to filmsnuttar som Nordea bruker i sitt gründerprogram. Dette vart også ein triveleg avslutning på vårt formelle samarbeid med Nordea. Utan dei hadde Flor-kvardagen sett mykje anleis ut, og me er svært takknemlege for at Nordea trudde på oss som årets Nordea-gründer 2018!

 

April

Me opnar april med å lansera eit nytt klesmerke som skal laga symjekle for menn – KLOR. Dette skjer i samarbeid med Vossabadet, og vert presentert 1. april kl 0900.. Mange trudde likevel på, og kanskje me kan slå oss opp på dette ein dag?

No må me klara oss sjølve utan Nordea, og Kristin held fram som dagleg leiar i Flor. Emelie Waag Strandborg er også med i ein halv stilling, i tillegg til Ingrid Brandseth og Baste Eriksen på design utgjer me no Flor.

I floren er lembinga i full sving, og det gjev fine bilete på ny fotoshoot.

Kjeledress og kjole kjem endeleg! Mange førehandstingingar av kjeledress gjer at april vert ein god nettbutikkmånad for oss, og det er veldig kjekt å få så mykje gode tilbakemeldingar på eit plagg me har arbeida så mykje med.

Til påske lagar Emelie og Kristin påskekrim, og Johan klarar på mirakuløst vis å klyppa saman episodane til sju spanande kapittel om den forsvunne ulla.

Flor er tilstades på Okseauksjon på Staur utanfor Hamar, og lærer mykje nytt. Damenes aften på Kløfta står også for tur, der Kjersti Bergesen held eit flammande innlegg om korleis ein skal byggja hage.

 

Mai

Mai var den store festmånaden, då Flor endeleg fekk feira oppstart og livet med eigen Flor-dag på Felleskjøpet Voss og påfylgjande fest. Bandet Dumpster Divas spelte konsert og våre eigne supermodellar viste fram kolleksjonen vår. Med heilgrilla gris og eige øl frå grenda vart det ein god dag!

Elles var me på Damenes aften på Felleskjøpet i Hamar og fekk vera med på opninga av ny Felleskjøpet-butikk i Gausdal.

Mot slutten av månaden kjem Flor-shortsen og arbeidssingleten i sal, nett i tide for årstida me går inn i.

 

Juni

Då me i vinter sende ei melding til den nye landbruksministeren Olaug Bollestad og spurte om ho ville koma på besøk, hadde me ikkje drøymt om at me skulle få det til. Men Bollestad stilte på Lemme gard ein tidleg juni-morgon, og det vart litt av eit show. Å halda moteshow på plattingen klokka halv ni om morgonen krev sporty modellar, og det har me heldigvis. Me serverte lappar og kaffi, Bollestad og hennar folk fekk høyra historia til Flor og ho vart med på ein rundballeprat. Ikkje minst stilte ministeren også sjølv som modell, noko ho klara med glans.

Flor var med på opning av ny flor (fjøs) i Vik i Sogn og det var god driv i butikken på Voss. 


Så var årets høgdepunkt Emelie og Kristin sin bubilturné i Nord-Norge. Me var ambisiøse, og la opp til eit stramt program som me heldigvis haldt. Sundag gjekk turen frå Voss, måndag var me i Ballangen i Nordland og møtte bondelaget der. Tysdag var me kome til Nordodden, der Felleskjøpet-butikken har teke oss inn. På kvelden var me i Bardufoss på Skafferiet der bygdekvinnelaget hadde laga til ein koseleg kveld.

Torsdag køyrde me til Alta, var innom Felleskjøpet og fekk køyra helikopter! Fredag gjekk turen til Balsfjord igjen, der me var på Landbruk Nord si messe. Her var det jammen mange trivelege folk, godt sal og jammen møtte me ikkje Landbruksminister Bollestad igjen også! Kristin juksa og flaug sørover att, og Emelie tok ein rolegare ferietur sørover med bubilen. Ein vellukka tur på alle måtar – takk til alle som var med og bidrog til at dette vart så bra!

 

Juli

Juli er ferietid, men butikken i Voss sentrum er open, så me tek ikkje heilt pause. Me vert også invitert til å vera med på Friluftshelga i Hyen i Sogn, der dei har messe under arrangementet sitt. Dette var svært triveleg, på nokre av årets varmaste dagar. Hyen var ein fin stad, og Kristin fekk omvising på Brødrene Aa sitt båtverft som ligg der.

 

August

Mot slutten av månaden reiser Kristin til Nordland, der Flor var med på messer og hadde popupbutikkar. Me byrja reisa i Brønnøysund, på tre dagar med messe. Her vart me kjend med Margrethe på Moe gard, som tilbydde både overnatting og eigen popup-butikk på sundagen. På ferjekaien i Jektivk var det også trivelege damer som ville ha besøk av Flor, før reisa gjekk vidare til Sandnessjøen og messe der.

Ein har mange mål i livet – også å bli intervjua i Allers! Kristin og Flor fekk fire sider i Allers i august, noko som førte til ein del merksemd.

 

September

Såpass mykje reiseverksemd har ført til at Flor no leasar ein eigen Flor-bil! HMV på Voss leverte ein Volkswagen Caddy, og Logolink profilerte den fint slik at den vart klar til tur.

Emelie byrja månaden med Dyrskuet i Lyngdal, ein stad der dei faktisk også bruker ordet «flor» for «fjøs». Heima att snikra me messevegg til Flor, pakka bilen igjen og reiste til Dyrskun i Seljord. Her var det stor ståhei, mykje sal og god stemning. Dei fyrste nye Sjodna-buksene kom i sal, og me feira 1-årsdag i butikken vår på Voss; Lokal. I fjellet er det tid for sauesanking, og me ser mange bukser i bruk til det. Sigrid stilte opp på stand då Travbanen på Voss hadde Open dag, og Emelie reiste til messa Midt i Matfatet på Hamar. På slutten av månaden var det duka for Smalahoveslepp på Voss, med moteshow og marknadsdag. Sjølvaste Vendela Kirsebom falt for kjeledressen vår, og viste alle på catwalken at dressen også kan brukast med pumps på til fest.

 

Oktober

Det er mange nisjearrangement i Noreg, nokon trivelegeare enn andre. NM i saueklypping på Varhaug i Rogaland var eit hyggeleg arrangement med mange Flor-kundar. Beit-konferansen på Voss samla mange klimaforkjemparar, og Flor fekk snakka om konseptet sitt og korleis det er viktig å kjøpa kle som varer.

Kristin tok turen til Stavsmartnan i Tretten i Gudbrandsdalen, og saka om Flor i «Sau og Geit»-bladet kom ut.

 

November

Månaden opnar med eit brak – Agrovisjon i Stavanger! Gerd og Astrid (mor og syster av Kristin) stiller sterkt, då Kristin vert sjukemeldt pga ein brannskade. Dei representerer Flor bra, og får mykje gode tilbakemeldingar. Rogalandsfolk er bra folk!

Nokre dagar etterpå er Emelie ein tur til Nesheimstunet i Nedre Vats. Her vart det eit hyggeleg opphald med moteshow og popup-butikk. Me vonar å ta turen nedom her igjen!

Mot slutten av månaden er Kristin halvvegs i drift att, og kan reisa til «Kvinner i Landbruket», eit arrangement på initiativ frå Nationen og Felleskjøpet arrangert av Tun Media på Lillestrøm. Her stilte ho i spesialsydd Flor kjeledress-kjole frå Ingrid med tyllskjørt. Styreleiarane i Nortura, Tine og Felleskjøpet var tilstades, det var også Live Skinnes, Marthe Bogstad og mange andre inspirerande kvinner tilknytta landbruket.

 

Desember

Jolemånaden opna med den nye jolemarknaden til Nye Voss Vidaregåande skule, der Gerd stilte opp som selgjar. Jolegåvesalet gjev suksess i nettbutikk og butikk, og det er mange herrenamn på bestillingane i forhald til kva det pleier vera ;)

 

 

FLOR 2020
Flor-reisa held fram og me har tre forsett for året som kjem:

1. Flor skal lage arbeidskle for fleire (ulike) arbeidskvinner.

2. Flor skal verte endå flinkare til å feira store og små oppnådde mål.

3. Me støttar opp om alle yrkeskvinner og ynskjer at fleire kvinner skal «stå i Flor i 2020«.

Med det ynskjer me alle kundar, medhjelparar og Flor-vener eit strålande nytt år.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke