ER GODT NOK EIGENTLEG BRA NOK?
Nei meiner me! I alle fall når det kjem til arbeidskle for kvinner.
Når me i Flor skulle ta fatt på oppgåva med å utvikle arbeidskle for kvinner, vart me tidleg klar over kor liten andel av arbeidsklea som er utvikla for kvinner. Det aller meste av arbeidsklea som finns på marknaden i dag er utvikla av menn, og for menn. Det er sjølvsagt ingenting galt i at menn utvklar arbeidskle til kvinner, men om det kun vert gjort (som det ofte gjer) ved at ein tar ein herremodel av eit plagg og til dømes endrar farge og storleik, då meiner me at det ikkje er godt nok! Alle kvinner fortener gode arbeidskle.
Me i Flor trur at betre og meir tilpassa arbeidskle er eit lite steg på vegen mot at fleire kvinner vil velja tradisjonelle mannsdominerte yrker som sitt yrkesval.
Karoline Løvli Zhal: "Har 2 våronn arbeidsbukser! Beste jeg har!😁 nå har jeg også fått kjeledressen, gleder meg til å få prøvd den ut, men med første øyekast er den akkurat hva jeg ønsket meg!
Er stor/normal i størrelsene😁"
Nina Karin Hove: "Kjøpte våronn buksa- den har eg idag brukt på ein lengre fjelltur. Den er utruleg god å ha på og den sit godt👍🏻👍🏻"
Sandra Kjeka: "Perfekt passform og ein fantastisk god bukse å ha på!
Godt Jobba!"
Ei av dei fyrste arbeidsbuksene me laga var Våronnbuksa. Denne kom i fyrste opplag hausten 2018. Den er laga i stretch (nylon og spandex), med forsterka stoff i rumpe og på kne. Buksa er så behageleg å ha på at den raskt vart ein vinnar, både til arbeid og til fritid/tur. Den har gode lommer; i hoftehøgde med glidelås, ei stor lomme på venstre side til diverse utstyr og ei knivlomme på høgre side. Refleks finn ein nederst på beina, der ein også kan stramma inn og vida ut beinet etter behov.
Buksa kjem no i skogsgrøn, burgunder og svart.

Hovudladningen med bukser kjem i slutten av februar, men for dei som vil sikra seg eit eksemplar allereie no legg me ut eit begrensa antal bukser i nettbutikken. Me vonar de vert nøgde med buksa, og tek gjerne i mot innspel til vidareutvikling.
Fyrstekvinne til mølla!