FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fri frakt over 1.500,- NOK - Fri retur - Rask levering

Ekte kvardagsheltar brukar ikkje kappe, dei brukar hette!



Verda er full av kvardagsheltar, som fortener merksemd, high fives og gode kle. Me har difor valt å kalla den nye gensar- og t-skjorteserien vår for ”Kvardag”.

Kvardagen er fylt av arbeidsoppgåver der du kanskje skal henta born i barnehagen, klyppa plen, delta på dugnad, måla flaggstong, skru på bil, vaska hus, skifta dekk, køyra traktor, spyla tunet eller luka blomsterbed. Me hyller kvardagsheltane kringom oss og håper desse oppgavene vert kjekkare i våre gensarar og t-skjorter. Ikkje minst når dagane vert til kveld og du berre skal nyta ljose sommarnetter ute, er det på sin plass med ei god hette.


Ordet "kvardag" gjev oss fine assosiasjonar. Kvardagar er dei dagane det er flest av, både i arbeid og fritid. Denne gensaren er tilpassa enkelt arbeid, men også avansert avslapping.

Kvardag hettegensar er god og mjuk. Gensaren kjem i skogsgrøn og svart. Den har lomme på magen, og liten Flor-logo på venstre bryst. T-skjortene er enkle og stilreine. Dei er i bomull, og har ein laus fasong.

Kvardagen er ein fest og du er invitert! Tagg ein av dine kvardagsheltar og vær med i trekninga av ein genser til deg og din kvardagshelt.

Kvardag hettegensar - fordi ekte kvardagsheltar brukar hette, ikkje kappe.

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke