FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

ARBEIDSKJOLE

Foto: Folkefotografen

ARBEIDSKJOLE

Då eg seinsommaren 2011 kom heim frå kontorjobben min og måtte setja opp eit gjerde, hadde eg framleis kjole på då eg gjekk ut til gjerdinga. Slik vart idéen om Flor til – kvifor kan me ikkje arbeida i dei klea me vil?

Sidan oppstarten av Flor i 2017, har me snakka om å laga ein arbeidskjole. Ein kjole som skal vera vid og god, som kan tole skit og som akkurat er lang nok til at ein kan bøya seg ned utan at noko viser bak. Endelig er den på lager. Etter å ha testa den både til kvardags og på fest er me ganske sikre på at dette er noko du kjem til å ha stor glede av på varme sommardagar når det skal takast i eit tak på jordet eller i hagen.

 

Klesdesigner Ingrid testar prototyp på modellen.

 

Det som verkeleg gjer det til en arbeidskjole er knivlomma, som også kan romme ein mobil om det er viktigare verktøy å ha med seg. Me har også bevisst fjerna hemper og anna som kan hekte seg fast i kratt eller i fjøsveggar. Føler du at kjolen er for vid, er det berre å finne fram favorittbeltet og snøre saman livet. Kjolen har også to vide, gode lommer i sidene.

 

Kjolen vart i utgangspunktet laga mest for moro skuld, fordi det er mogleg å arbeida i dei klea ein ynskjer, og for å minna oss på at arbeid er kjekt. Men etter å ha brukt den ei stund tenkjer me at kvifor i alle dagar arbeider ikkje alle i kjole om sommaren! Det er så behageleg at me ikkje vert overraska om det dukkar opp nokre menn med kreasjonen i løpet av sommaren også.  (Spent på om nokon tek utfordringa. J )

 

Og veit du kva knivlomma også kan brukast til? Heilt utilsikta oppdaga me på Vossa Jazz at lomma akkurat rommar ei glasflaske med noko leskande... perfekt til fest også med andre ord!

 

God arbeidsøkt!

 

Kristin

 

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke