FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Rask levering 2-4 dager - Fri frakt over 1.600,-

ALLTID ARBEIDSULL INST [:INNERST]

Inst arbeidsull

Det er lov å vera stolte når me no lanserer ullkolleksjonen "Inst arbeidsull".

Arbeidsull er ullundertøy laga for arbeid, uavhengig av kva du arbeider med. Allereie tidleg i planleggingsfasen var det viktig for oss å velja eit design i tråd med historia vår.
Ull er brukt for å halde arbeidarar varme i alle år, og den tradisjonelle islenderen har vore ein favoritt for mange. Dette inspirerte oss i vårt arbeid med arbeidsulla, og er bakgrunnen til dei små lusa me har vald i det mønstra stoffet på både overdelar og stillongs.

Ideen om arbeidsull er tufta på at me bur langt nord. Sjølv om det er kaldt ute, så oppheld me oss og arbeider mykje utandørs. Då treng me godt ullundertøy for å halda på varmen, også om me vert sveitte. Tidlegare brukte me tjukkare ullgensar ytterst – men tidene endrar seg og no brukar me merinoull innerst, uansett om me arbeidar ute eller inne.

Alle treng arbeidsull – ALLTID ARBEIDSULL INST [:innerst].

Vår fyrste kolleksjon med ullundertøy inneheld fire produkt. Trøye med rund hals, trøye med høg hals, stillongs og panneband. Du kan velja mellom fargane skogsgrøn og lys raud i trøyer og panneband, medan stillongsen kjem kun i skogsgrøn/svart.

Arbeidsulla er laga i 100% merinoull og veg 220g/m2. Ull turkar raskt og luktar lite. Ulla er frå New Zealand, medan sjølve produktet er fødd (=designa) på Voss og sydd i Kina.

Me håpar at du likar arbeidsull uansett kva du arbeidar med, og me kan likeså godt kalla ulla vår for anleggsgartnar-ull, kranførar-ull, skilærar-ull, lagerarbeidar-ull, lærar-ull, bonde-ull, veterinær-ull, barnhagelærar-ull, butikkmedarbeidar-ull, transportarbeidar-ull, anleggsarbeidar-ull, arkitekt-ull eller ingeniør-ull. Testing har også vist at me kan bruka ulla når ein ligg på sofaen, men dette er ikkje vitskapeleg bevist enno.


For å sjå nærare på arbeidsulla, trykk HER!


Inst arbeidsull

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke