FLOR
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

8. MARS, ÅRETS VIKTIGASTE DAG?

 

Kvifor er 8. mars årets viktigaste dag for Flor? Flor handlar om mykje meir enn det å skapa ei sunn bedrift og fleire arbeidsplassar. Flor handlar vel så mykje om det å slå eit slag for kvinner, om likestilling og om det at kvinner skal ha like gode moglegheiter som menn i arbeidslivet, uavhengig av yrkesval.

Verda er designa for menn. Tidlegare har svært få jenter og kvinner vald tradisjonelle mannsdominerte yrker. Sjølvsagt er mykje av årsaka til dette at tradisjonelle mannsdominerte yrker har hatt mange tunge lyft og krevd stor fysisk styrke. Dagens tilgang på teknologi og hjelpemidler, gjer at det er svært få fysiske begrensningar att i arbeidslivet. Det handlar om å stå opp om morgonen og ta i eit tak, og det kan me alle gjera.

Endring må til.. Me som foreldre, vaksne, lærarar og rollemodellar har eit særskilt ansvar for å framsnakka det å velje yrkesfag. Ansvar for å støtte alle jenter som ynskjer å ta andre val, som ynskjer å velja yrker som er praktisk retta, og som inneber yrkesfag som studieretning på vidaregåande skule.

Så kva kan Flor bidra med? Flor kan ikkje endra verda, men me kan vera med å utfordre konservative og mannsdominerte bransjar som er, og har vore, lite opptatt av å skape gode rammevilkår for kvinner. Dette kan me gjera gjennom gode arbeidskle.

Me lever i ei verd designa for menn – det lyt endrast!

Takk for merksemda, og gratulerer med dagen.

FLOR

Tilbake

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke