FLOR
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

GODT JOBBA!

17.03.2020



Kjære alle Flor-fylgjarar!

Me er alle i ein uvand og litt merkeleg situasjon om dagen. Nokon både kan og må arbeida som før, med andre sit på heimekontor eller i karantene. Uansett er det rart at me no må tenkjer over kvar me går, kven me besøker og kor nært me kan stå. Me må vera litt meir aleine. Kanskje dette gjer at mange kjenner på ei einsemd ein ikkje har kjend på tidlegare.

 

Flor hadde planlagt våren med mange turar kringom i landet for å møta dykk. So langt har me avlyst alt, og er førebudde på at det kan ta tid før me får reist rundt igjen.

 

Noko av motivasjonen bak å starta Flor, var nettopp å visa at saman er me mange! Sjølv om me er kvar for oss rundtom på dei ulike gardane og arbeidsplassane våre i dette langstrakte landet, er me eit fellesskap. Sjølv om me står aleine, er me saman. Dette vert jo enno viktigare å hugse på i desse dagar. Kva gjer de der ute for å halda motivasjonen og gleda oppe? Har de nokre gode tips og triks de vil dela?

Sidan me diverre ikkje kan reisa rundt og møta dykk, inviterer me dei som vil til å dela korleis kvardagen er i desse dagar. Me i Flor vil oppfordre til å kjenne på felleskapen som kan oppstå i einsemda. For aleine er me ikkje – me er berre på avstand akkurat no!

Del eit bilete og/eller motiverande tips til korleis din Flor-dag er til post@florworks.no – så skal me spreia det vidare til resten av Flor-gjengen via sosiale medier! 

 

Og har du behov for ei oppmuntring i dag? Ta ein kikk på merkelappen i kjeledressen, jakka eller buksa di! Frå alle oss, til alle dykk der ute som står på i tøffe tider – GODT JOBBA J

Me minner om at butikken vår i Stallgata på Voss er stengt inntil vidare. Nettbutikken er open og fungerer som normalt.

Les mer...

8. MARS, ÅRETS VIKTIGASTE DAG?

07.03.2020

Kvifor er 8. mars årets viktigaste dag for Flor? Flor handlar om mykje meir enn det å skapa ei sunn bedrift og fleire arbeidsplassar. Flor handlar vel så mykje om det å slå eit slag for kvinner, om likestilling og om det at kvinner skal ha like gode moglegheiter som menn i arbeidslivet, uavhengig av yrkesval.

Verda er designa for menn. Tidlegare har svært få jenter og kvinner vald tradisjonelle mannsdominerte yrker. Sjølvsagt er mykje av årsaka til dette at tradisjonelle mannsdominerte yrker har hatt mange tunge lyft og krevd stor fysisk styrke. Dagens tilgang på teknologi og hjelpemidler, gjer at det er svært få fysiske begrensningar att i arbeidslivet. Det handlar om å stå opp om morgonen og ta i eit tak, og det kan me alle gjera.

Endring må til.. Me som foreldre, vaksne, lærarar og rollemodellar har eit særskilt ansvar for å framsnakka det å velje yrkesfag. Ansvar for å støtte alle jenter som ynskjer å ta andre val, som ynskjer å velja yrker som er praktisk retta, og som inneber yrkesfag som studieretning på vidaregåande skule.

Så kva kan Flor bidra med? Flor kan ikkje endra verda, men me kan vera med å utfordre konservative og mannsdominerte bransjar som er, og har vore, lite opptatt av å skape gode rammevilkår for kvinner. Dette kan me gjera gjennom gode arbeidskle.

Me lever i ei verd designa for menn – det lyt endrast!

Takk for merksemda, og gratulerer med dagen.

FLOR

Les mer...

ER GODT NOK EIGENTLEG BRA NOK?

10.01.2020

Nei meiner me! I alle fall når det kjem til arbeidskle for kvinner. 



Når me i Flor skulle ta fatt på oppgåva med å utvikle arbeidskle for kvinner, vart me tidleg klar over kor liten andel av arbeidsklea som er utvikla for kvinner. Det aller meste av arbeidsklea som finns på marknaden i dag er utvikla av menn, og for menn. Det er sjølvsagt ingenting galt i at menn utvklar arbeidskle til kvinner, men om det kun vert gjort (som det ofte gjer) ved at ein tar ein herremodel av eit plagg og til dømes endrar farge og storleik, då meiner me at det ikkje er godt nok! Alle kvinner fortener gode arbeidskle.

Me i Flor trur at betre og meir tilpassa arbeidskle er eit lite steg på vegen mot at fleire kvinner vil velja tradisjonelle mannsdominerte yrker som sitt yrkesval.

Karoline Løvli Zhal: "Har 2 våronn arbeidsbukser! Beste jeg har!😁 nå har jeg også fått kjeledressen, gleder meg til å få prøvd den ut, men med første øyekast er den akkurat hva jeg ønsket meg! 
Er stor/normal i størrelsene😁"

Nina Karin Hove: "Kjøpte våronn buksa- den har eg idag brukt på ein lengre fjelltur. Den er utruleg god å ha på og den sit godt👍🏻👍🏻"

Sandra Kjeka: "Perfekt passform og ein fantastisk god bukse å ha på! 
Godt Jobba!"



Ei av dei fyrste arbeidsbuksene me laga var Våronnbuksa. Denne kom i fyrste opplag hausten 2018. Den er laga i stretch (nylon og spandex), med forsterka stoff i rumpe og på kne. Buksa er så behageleg å ha på at den raskt vart ein vinnar, både til arbeid og til fritid/tur. Den har gode lommer; i hoftehøgde med glidelås, ei stor lomme på venstre side til diverse utstyr og ei knivlomme på høgre side. Refleks finn ein nederst på beina, der ein også kan stramma inn og vida ut beinet etter behov.

Mange av dykk har Våronn-bukser frå før, så de lurar kanskje på kva som er nytt? Sjølv ei god bukse kan forbetrast. Me har no endra litt på stoffet for at det skal verta meir solid. Det vil difor vera litt tjukkare. I tillegg har me forbetra venstre lårlomme etter innspel frå dykk. Glidelåsen gjekk opprinneleg frå bak til fram, no er den snudd! Det vil gjera det litt enklare å opna lomma dersom det hastar (viss mobilen ringer for eksempel).

Buksa kjem no i skogsgrøn, burgunder og svart.


Hovudladningen med bukser kjem i slutten av februar, men for dei som vil sikra seg eit eksemplar allereie no legg me ut eit begrensa antal bukser i nettbutikken. Me vonar de vert nøgde med buksa, og tek gjerne i mot innspel til vidareutvikling.

Fyrstekvinne til mølla!

Les mer...

FLOR-kavalkade for 2019

29.12.2019

Nok eit Flor-år er over, og for eit fantastisk år det har vore. Me har kome ut med fleire nye produkt, vore land og strand rundt i Noreg og fått kjenne på at gründerlivet ikkje berre er leik og moro. Før vi fortsett reisa inn i 2020 ynskjer vi å oppsummera fjorårets oppturar og med dykk.

 

Les mer...

RUNDBALLEPRAT

30.06.2019

RUNDBALLEPRAT MED EIN MINISTER

Flor ynskjer å vera meir enn arbeidskle. Me vil spela ei rolle, ta opp viktige saker, påverka! Me vil leggja tilrette for at fleire kvinner vil velgja landbruk og yrkesfag som yrke, me vil bidra til å skapa levande bygder, me trur at kulturlandskap og miljø er viktig. Og ja, me vil ha ei eit arbeidsliv med rikeleg med positivitet, samkjensle, mangfald og inkludering. 

 

Les mer...

ARBEIDSKJOLE

10.05.2019
Foto: Folkefotografen

ARBEIDSKJOLE

Då eg seinsommaren 2011 kom heim frå kontorjobben min og måtte setja opp eit gjerde, hadde eg framleis kjole på då eg gjekk ut til gjerdinga. Slik vart idéen om Flor til – kvifor kan me ikkje arbeida i dei klea me vil?

Les mer...

FLOR SIN PÅSKEKRIM

25.04.2019

FLOR SIN PÅSKEKRIM

Påska er ei tid for skumle plot og mykje spaning - men også for fjas og tull. Me gjekk for det siste alternativet. 

Flor har lenge pønska på ein påskekrim, faktisk allereie i fjor var me inne på idéen. I år skulle me slå på stortromma! Me laga eit offensivt og omfattande manus, som inneheld både Voss Lensmannskontor, den lokale banken og eit tun dei lagar smalahove i.

Les mer...

Jakta på den perfekte kjeledressen

10.03.2019

Jakta på den perfekte kjeledressen!

Kvar gong eg går i floren har eg kjeledress på. Tidlegare stramma den over skuldrene, den gjekk opp i rompa då eg sette meg ned, den var tung og for lang i beina. Ein hovudmotivasjon for meg då me starta Flor var å laga ein kjeledress som er funksjonell, og som gjer meg glad kvar morgon når eg tek den på meg.

Les mer...

FLOR – en merkevare blir født

02.03.2019

En merkevare blir født

Jeg jobber i et reklamebyrå på Hamar som heter Ferskvann.  I mars 2016 fikk vi et oppdrag fra Oppland fylkeskommune. Utfordringen var like enkelt formulert som den var vanskelig å ta tak i: Hvordan få flere kvinner til å velge en yrkeskarriere i landbruket.

En kampanje varer noen uker, lite ante jeg at det var starten på noe mer en reise som skulle vare årene fremover.

Les mer...

Når eg vert stor, skal eg verta bonde!

27.01.2019

 

Når eg vert stor...

No nærmar det seg. Det å verta stor. No har eg flytta inn på garden, eg skal vera meir med i drifta, eg må læra meir. Det er aldri slutt på arbeidet, likevel føler eg på ein ro eg ikkje har kjent før. Eg er heime.

Les mer...

FLOR-ÅRET 2018

28.12.2018

Flor oppsummerer Flor-året 2018

2018 var for Flor som 2001 var for Mette-Marit – fullt av opp- og nedturar, men det beste året så langt i historia vår. Frå å koma ut med prosjektet i november 2017, har me hatt ei bratt læringskurve, og den stig framleis. Jola er som kjend tid for refleksjon, så her har me prøvd oppsummera floråret 2018. For Flor har det skjedd mykje, men det har også skjedd mykje for dei som er involvert.

Les mer...

FLOR+FK=SANT

08.11.2018

Felleskjøpet flor

Fra Voss til Felleskjøpet til resten av landet

Alle gründere som produserer varer har hatt samme problemstilling som Flor: Hvordan skal vi distribuere varene våre? Skal de kun være å få kjøpt på egne nettsider eller kun i butikk? Alle produsenter er forskjellige og markedet er i stadig endring: Det er ingen fasit på hvilken retning du bør velge. Og uansett hor mye du har analysert og tenkt; veien du velger kan likegodt lede deg til toppen av fjellet eller rett utfor stupet.

 

Les mer...

Nordea si gründerjakt

22.10.2018
Kristin, Johan og Nordea-gjengen signerer avtalen.

 

Nordea si Grunderjakt

«Hei de to, har de hugsa å laga film til det Nordeagreiene?» spør Patrik til Johan og meg seint sundags kveld, 4. desember 2017. Han treng jo ikkje spyrja, sjølvsagt er ikkje den klar. Johan jobbar best (og kun) under press. 23:58 får me lasta opp filmen. Tenk kor annleis livet hadde vore om det hadde teke tre minutt lenger!

 

«VINNEREN ER...»

«Flor» sa eg høgt, slik eg pleier sei når eg verkeleg vil vinna noko, slik eg pleier sei når eg ikkje heilt trur at det kan skje. Slik eg sa i 1995 då eg vann dukkevogn på Kløve Ungdomslag sin påskemarknad, som var det største eg hadde vunne til då. Slik eg pleier sei når oddsen er stor for å vinna, og ein aldri i verda trur at også den som annonserer vinnaren skal sei...

«Flor» seier Nordea-sjefane Brynjolf Anke og Snorre Storset… og eg i kor.

 

Les mer...

Flor-kle på 1-2-3!

17.09.2018

Kle – og Murphys lov

Murphys lov seier: «Ting vil gå galt uavhengig av situasjon hvis gitt muligheten». Vel Murphy – her i Flor står moglegheitene i kø!

Sjølv om det ser ut som at alt går på skiner i Flor, er det mange utfordringar. Mykje går bra, men noko går óg dårleg. Å kommunisera det som går dårleg er ikkje like enkelt, og spesielt når alt flyt og ein ikkje har kontroll. Klesproduksjonen, som jo er det viktigaste me driv med, har vore ein berg- og dalbane. No når me endeleg har mesteparten av den trygt i hus, kan me reflektera og oppsummera litt over prosessen så langt.

Les mer...

HISTORIA TIL FLOR

30.08.2018

EIN IDE VERT FØDD

Historia til det som skulle verta arbeidsklemerket Flor, starta allereie i 2011. Ein dag eg kom rett frå «kontorjobben» og heim til foreldra mine, måtte eg setja opp eit gjerde. Nett denne seinsommardagen hadde eg kjole på, men det var inga hindring. Då eg sto og monterte elektriskgjerdet, kom eg til å tenkja på arbeidskle. Kvifor er det slik at det som vert definert som arbeidskle er så definert innanfor faste råmer? Kvifor skal arbeidskle vera tungt, bale og gå med, stort og uhandterleg? Det går fint an å arbeida i kjole, så lenge det er greit at den vert skiten. Slik vart idéen om å tenkja anleis kring arbeidskle til. 

Les mer...

KVIFOR FLOR?

29.08.2018

 

Inspirert av sportsbransjen

Seinsommaren  2011  kom  idéen  om  å  laga  anleis  arbeidskle  for  kvinner.  Me  starta  opp  med  den  enkle  idéen  å  gjera  arbeidskle  for  kvinner  så  funksjonelle,  tidsriktige  og  tilpassa  som  mogleg.  Med  inspirasjon  frå  sportsbransjen  har  me  no  klar  ein  kolleksjon  som  me  meiner  tek  arbeidskvinner  på  alvor!

Les mer...

FLORBLOGGEN!

28.08.2018

 

VÅR REISE I BLOGGFORM

Kva skjer? Flor-bloggen skjer! Me har lurt lenge på korleis me skal få dokumentert reisa til Flor gjennom det fyrste tida med reell drift, på ein god måte. Me har landa på blogg. Stay tuned, oppdateringar kjem!

Les mer...

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke